Hopp til innhold Hopp til søk

Opningstider rådhuset kl. 09 - 15 - SJÅ LEDIGE STILLINGAR HER

Dagens fangst på hytta i Bøkjeneset

Dagens bilde: Dagens fangst på hytta i Bøkjeneset

Foto: Arne Jacob

Send ditt blinkskot på: foto@fitjar.kommune.no

Bruksendring

Beskrivelse

Bruksendring vil seie at du ønskjer å ta eit areal eller ein bygning på eigedomen din i bruk til noko anna enn det er godkjent for. Bruksendring er søknadspliktig.

Bruksendring kan til dømes vere at du ønskjer å starte familiebarnehage med 6-10 born (inntil 5 born er unnateke søknadsplikt), eller du ønskjer å etablere eit husvære i underetasjen der det tidlegare har vore soverom.

Bruksendring med same arealbruk kan også vere søknadspliktig. Dersom du til dømes ønskjer å bruke bud/kjellar til varig opphald, ønskjer å etablere ei ny sekundærleilegheit eller ønskjer å ta i bruk eit uthus som anneks.

Målgruppe

Hus- og bygningseigarar

Vilkår

For å kunne setje i gong tiltaket må søknaden, og eventuelt søknad om dispensasjon frå vilkåra, vere godkjend av kommunen. Følgjande må vere oppfylt:

  • Nabovarsel må vere send.
  • Tiltaket må oppfylle alle relevante byggetekniske krav.
  • Tiltaket må ikkje vere i strid med arealdelen i kommuneplanen eller med reguleringsplanen.

Sakshandsaming

Saksbehandlingstida startar når søknaden er komplett. Saksbehandlingstida vil variere ut frå tiltaket:

  • I tråd med lovverket, ingen dispensasjon, ikkje krav om utsegn frå andre etatar: 3 veker
  • Andre saker utan dispensasjon: 12 veker
  • Krav om dispensasjon: 18 veker

Klage

  • Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
  • I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
  • Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
  • Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.

Turistinformasjon

Kamera

Kamera Sentrum Kamera Sjøsio

Nyheter

Kontakt kommunen

Fitjar kommune har eit areal på 145 km2 og ca. 3000  innbyggjarar.

Ordførar
Wenche Tislevoll (H)

Rådmann
Atle Tornes

Kommunenr. 1222
Organisasjonsnummer 944073310
Postadresse
Postboks 83, 5418 Fitjar
Telefonnr 53 45 85 00
Telefax nr 53 45 85 01
Teknisk vakt 95229950
Epost
fitjar@fitjar.kommune.no
Internett
www.fitjar.kommune.no