Hopp til innhold Hopp til søk

Opningstider rådhuset kl. 09 - 15 - telefon og epost til tilsette finn du her.

Fitjarvikjo med skyer over Fonno

Dagens bilde: Fitjarvikjo med skyer over Fonno

Foto: Svein Bårdsen

Send ditt blinkskot på: foto@fitjar.kommune.no

BPA- Brukarstyrt personleg assistanse

Beskrivelse

Tenesta omfattar praktisk og personleg hjelp i dagleglivet for funksjonshemma. Innanfor dei timerammene som vedtaket i kommunen viser til, kan du i prinsippet styre kven du vil ha som      hjelpar(ar), kva assistenten(ane) skal gjere, og kvar og til kva for tider hjelpa skal givast. Målet er at du skal ha eit mest mogleg aktivt liv trass i  funksjonshemminga.

Målgruppe

  • Funksjonshemma som har eit samansett og omfattande behov for tenester, og som er i stand til å leige assistenten (ta arbeidsleiarrolla).
  • Personar som ikkje kan ivareta denne rolla sjølv, slik som personar med psykisk utviklingshemming. 
  • Familiar med barn med nedsett funksjonsevne.

Vilkår

Personar som ikkje kan ta omsorg for seg sjølv, eller som er heilt avhengige av praktisk eller personleg hjelp for å greie dei daglege gjeremåla.

Lover

Dette er ei lovpålagd teneste etter helse- og omsorgstenestelova.

Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester m.m § 3-8

Retningslinjer:
Brukerstyrt personlig assistanse (BPA) ... (rundskriv)

Rettleiing

Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om brukarstyrt personleg assistanse, eller du kan be andre hjelpe deg dersom du har behov for det. Dersom ein annan søkjer på vegner av deg, må vedkomande ha fullmakt.

Sakshandsaming

Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd er. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal det givast skriftleg svar om årsaka til dette, med opplysningar om når ein kan rekne med at vedtak vil bli fatta.

Før saka kan avgjerast, vil ønskje og behov bli kartlagde nærmare. Normalt vil det bli avtalt eit heimebesøk. Deretter blir det fatta eit vedtak. I vedtaket går det fram om tenesta er tildelt eller ikkje, og kva ho eventuelt omfattar.

Klage

  • Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
  • I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
  • Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
  • Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.

Turistinformasjon

Kamera

Kamera Sentrum Kamera Sjøsio

Nyheter

Kontakt kommunen

Fitjar kommune har eit areal på 145 km2 og ca. 3000  innbyggjarar.

Ordførar
Wenche Tislevoll (H)

Rådmann
Atle Tornes

Kommunenr. 1222
Organisasjonsnummer 944073310
Postadresse
Postboks 83, 5418 Fitjar
Telefonnr 53 45 85 00
Telefax nr 53 45 85 01
Teknisk vakt 95229950
Epost
fitjar@fitjar.kommune.no
Internett
www.fitjar.kommune.no