Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Borgarleg vigsel

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 23.01.2018

Ein borgarleg vigsel er inngåing av ekteskap utan medverknad frå eit trus- eller livssynssamfunn.

Frå januar 2018 tok kommunen over ansvaret for å gjennomføre borgarlege vigslar i Noreg. Det betyr at du som skal gifte deg borgarleg, kan bli vigd av ordførar, varaordførar eller ein annan tilsett eller folkevald i kommunen.

Målgruppe

Par som ønskjer å inngå ekteskap (både av same og motsett kjønn)

Vilkår

Før de gifter dykk, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap i Noreg. Vilkåra går fram av kapittel 1 i ekteskapslova som m.a. seier:

  • Personar under 16 år kan ikkje gifte seg, og personar under 18 år må ha samtykke frå foreldre.
  • Ingen kan tvingast til ekteskap mot sin vilje.
  • Ekteskap kan ikkje inngåast mellom slektningar i rett opp- eller nedstigande linje eller mellom søsken.
  • Nytt ekteskap kan ikkje inngåast så lenge eit tidlegare ekteskap eller partnarskap består.

Partnarskap som er inngåtte tidlegare, kan gjerast om til ekteskap ved å sende søknad til Skatteetaten.

Rettleiing

Send inn nødvendige papir til Skatteetaten i god tid før bryllaupet:

  • Eigenerklæring
  • Forlovarerklæring
  • Erklæring om skifte, dersom du har vore gift tidlegare
  • Melding om endring av namn, dersom du skal byte namn

Skatteetaten skriv ut ein såkalla prøvingsattest, som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Prøvingsattesten er gyldig i 4 månader.

Når de har fått prøvingsattesten, kan de bestille vigsel i kommunen. Gyldig legitimasjon må leggjast fram.

Søknadsfrist

Start prosessen i god tid før den planlagde datoen for seremonien, hugs at både Skatteetaten og kommunen har ei behandlingstid på 2–3 veker.

Sakshandsaming

Kommunen gir tilbod om eit eigna lokale, og opplyser når dei kan tilby vigslar og kven som kan vere vigslar.

De må ha to vitne som må vere til stades under seremonien. Dette er gjerne forlovarane.

Under seremonien les vigslaren «Det borgarlege vigselsformularet». Seremonien kan tilpassast med eigenvald tekst og musikk utover dette. Men merk at det er opp til kommunen å vurdere kva dei vil tillate av ekstra innhald.

Etter seremonien sender kommunen ei vigselsmelding til Skatteetaten som de også får ein kopi av. Vigselsmeldinga fungerer som midlertidig vigselsattest til de får den endelege attesten frå Skatteetaten.

Kontakt oss