Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Barneverntenesta – hjelpetiltak i heimen

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 16.12.2017

Har du barn og er i ein vanskeleg livssituasjon der du treng hjelp og støtte for å ta i vare omsorgsbehovet til barnet? Er du sjølv barn som er i ein slik situasjon, eller kjenner du til eit barn som er det? Då kan du kontakte barneverntenesta i kommunen, som har eit ansvar for å hjelpe familien det gjeld.

Barneverntenesta kan setje inn ulike hjelpetiltak der målet er positiv endring hos barnet eller familien. Omsynet til kva som er best for barnet veg alltid tyngst, og barneverntenesta kan derfor påleggje hjelpetiltak når foreldra ikkje samarbeider.

Eksempel på hjelpetiltak er:

  • råd og rettleiing
  • støttekontakt
  • fritidsaktivitetar
  • leksehjelp
  • besøks- eller avlastingsheim
  • tilsyn
  • barnehage eller SFO
  • familieterapi
  • økonomisk hjelp
  • opphald i senter for foreldre og barn

Nokre hjelpetiltak kan vere knytte direkte til barnet, mens andre vil rette seg mot foreldra eller heile familien. Ofte vil ein kombinasjon av tiltak hjelpe familien og barnet best. Hjelpetiltak kan setjast inn for kortare eller lengre periodar og tilpassast kvar enkelt familie. Pålagde hjelpetiltak kan oppretthaldast inntil eitt år frå pålegget blir gitt. Pålegg om opphald i barnehage eller anna eigna dagtilbod har inga tidsavgrensing.

Målgruppe

  • Barn under 18 år med familie. Når barnet samtykker, kan tiltak halde fram til barnet har fylt 23 år.
  • Privatpersonar som kjenner til barnet det gjeld
  • Tilsette i offentleg sektor som er i kontakt med barnet det gjeld

Vilkår

Barnet og familien må ha eit særleg behov for hjelpetiltak. Dette betyr at hjelpebehovet er større eller strekkjer seg lengre enn det som er vanleg for barn flest. For å finne ut om det ligg føre eit særleg behov, gjer barneverntenesta ei vurdering etter å ha undersøkt situasjonen i familien.

Lover

Barnevernlova § 4-4 (Hjelpetiltak for barn og barnefamiliar)

Barnevernlova § 4-5 (Oppfølging av hjelpetiltak)

Barnevernlova § 6-7 (Teieplikt)

Rettleiing

Ta kontakt med barneverntenesta i kommunen når du vil:

  • søkje om eit hjelpetiltak, eller
  • melde frå om eit barn som kan ha behov for hjelpetiltak

Sakshandsaming

Har du sjølv søkt om hjelpetiltak, har kommunen plikt til å behandle søknaden din så snart som mogeleg. Dersom svar på søknaden ikkje kan bli gitt innan éin månad, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når kommunen ventar å kunne svare deg. Søknaden vert vurdert og gjennomgått på same måte som ved ei ordinær undersøking etter barnevernlova.

Når barneverntenesta er gjort merksame på situasjonen, startar dei med å ta kontakt med familien for å undersøkje saka. Det kan vere aktuelt med eit heimebesøk. Målet er å avklare om og korleis barnet og familien kan få hjelp.

Undersøkinga skal gjennomførast så skånsamt som mogeleg og ikkje vere meir omfattande enn nødvendig. Undersøkinga kan gjennomførast sjølv om familien ikkje ønskjer det.

Resultatet av undersøkinga kan vere at:

  • saka blir lagd vekk fordi det ikkje er behov for hjelpetiltak
  • hjelpetiltak blir sette i gang

Før det blir sett i gang hjelpetiltak, skal barneverntenesta lage ein avgrensa tiltaksplan for barnet. Familien skal ha tett oppfølging for å sjå om tiltaket fungerer og eventuelt vurdere nye tiltak. Tiltaksplanen skal evaluerast regelmessig i samarbeid med familien.

Klage

Er du misnøgd med avgjerda kommunen har tatt, kan du klage. Fristen er tre veker frå du tok imot avgjerda til kommunen. I klagen gjer du greie for kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen til barneverntenesta i kommunen. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen klagen din vidare til Fylkesmannen.

Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Har du ikkje fått nødvendig hjelp eller er misnøgd med korleis hjelpetiltaket er utført, kan du klage. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer. Send klagen til kommunen. Dersom klagen blir avvist eller barneverntenesta meiner at rettane dine er oppfylte, vil dei sende klagen vidare til Fylkesmannen.

Kontakt oss