Hopp til innhold Hopp til søk

Opningstider rådhuset kl. 09 - 15 - telefon og epost til tilsette finn du her.

Fitjarvikjo med skyer over Fonno

Dagens bilde: Fitjarvikjo med skyer over Fonno

Foto: Svein Bårdsen

Send ditt blinkskot på: foto@fitjar.kommune.no

Barnehageplass

Beskrivelse

Barnehagen skal gi barn under skulepliktig alder gode utviklings- og aktivitetsvilkår i nær forståing med heimen. Barnehagen skal støtte heimane i deira omsorgs- og oppdragaroppgåver og skape eit godt grunnlag for barna si utvikling, livslange læring og aktive deltaking i eit demokratisk samfunn.

Barnehagen skal ta omsyn til:

  • alderen til barna 
  • funksjonsnivå 
  • kjønn 
  • sosial, etnisk og kulturell bakgrunn

Målgruppe

Barn frå 0 til 6 år som er busette eller vil bli busette  i kommunen.

Vilkår

Desse blir prioriterte ved opptak:

  • barn med nedsett funksjonsevne 
  • barn som barneverntenesta har overtatt omsorga for 
  • barn som har behov for hjelpetiltak frå barneverntenesta

Lover

Barnehagelova og forskriftene sikrar eit likeverdig opptak mellom kommunal og privat barnehage. Prioritet ved opptak har barn med nedsett funksjonsevne og barn som det er fatta vedtak om etter lov om barnevernstjenester §§ 4-12 og 4-4 andre og fjerde ledd, og etter barnehagelova § 13, har prioritet ved opptak.

Barnevernlova

Barnehagelova

Forskrift om foreldrebetaling i barnehager

Rettleiing

Kommunen skal leggje til rette for ein samordna opptaksprosess og sikre likebehandling av barn og av offentlege og private barnehagar. Søknad om barnehageplass skal fyllast ut på eige skjema som er sams for alle barnehagane. Det skal sendast eitt skjema for kvart barn det blir søkt for.

Søknadsfrist

1. mars kvart år til hovudopptaket.

Sakshandsaming

Tildeling av plass skal skje i samsvar med dei fastsette opptakskriteria. Brukarane sine ønske og behov skal tilleggjast stor vekt ved opptaket. Ved det årlege hovudopptaket skal søkjarane varslast skriftleg om og i kva for  barnehage dei har fått tilbod om plass. Søkjarar som ikkje har fått sitt første ønske oppfylt, skal få rett til å bli sette på søkjarlista ved denne barnehagen.

Ved supplerande opptak gjennom barnehageåret skal først søkjarar frå søkjarlista bli tilboden plass i samsvar med dei fastsette opptakskriteria. Tildelinga skal skje skriftleg. Blant dei søkjarane som ikkje blir tilboden plass ved supplerande opptak, er det berre søkjarar med lovfesta rett til prioritet som skal informerast om at plassen er gått til ein annan.

Søkjarar som korkje får første eller andre ønske om barnehageplass oppfylt, kan krevje ei skriftleg grunngjeving.

Klage

  • Ved hovudopptak kan søkjar klage over avslag på søknad om barnehageplass. 
  • Søkjar kan også klage dersom vedkomande korkje får sitt første eller andre ønske oppfylt. 
  • Ved supplerande opptak kan berre søkjarar som har lovfesta rett til prioritet, klage. 
  • Klagefristen er normalt 3 veker frå du mottok vedtaket. 
  • Klagen sender du til den instansen som har fatta vedtaket.

Dersom kommunen finn at barnet skulle fått tilbod om den ønska plassen, skal det få tilbod om den første ledige plassen etter at barn med lovfesta rett til prioritet først har fått tilbodet. Dersom klagaren ikkje får medhald, går saka vidare til klagenemnda i kommunen som er klageinstans.

Anna informasjon

Det er fire barnehagar i Fitjar kommune.

Ein av desse er kommunal; Fitjarstølane barnehage.    

I tillegg har ein følgjande private barnehagar:

  • Årskog barnehage,
  • Fjellheim friluftsbarnehage og
  • Bakken barnehage. 

Foreldre med låg betalingsevne kan søkja kommunen om reduksjon i foreldrebetaling.  Søknadsskjema og retningsliner for søknad om reduksjon i foreldrebetaling finn du her.  Dette skjema må skrivast ut og underteiknast, og saman med vedlegg sendast til kommunen.

Turistinformasjon

Kamera

Kamera Sentrum Kamera Sjøsio

Nyheter

Kontakt kommunen

Fitjar kommune har eit areal på 145 km2 og ca. 3000  innbyggjarar.

Ordførar
Wenche Tislevoll (H)

Rådmann
Atle Tornes

Kommunenr. 1222
Organisasjonsnummer 944073310
Postadresse
Postboks 83, 5418 Fitjar
Telefonnr 53 45 85 00
Telefax nr 53 45 85 01
Teknisk vakt 95229950
Epost
fitjar@fitjar.kommune.no
Internett
www.fitjar.kommune.no