Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Barnehage (ordinær) – godkjenning av verksemd

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 27.04.2017

Har du planar om å etablere barnehage, må du først få godkjenning av kommunen. Slik sikrar kommunen tilbodet om gode barnehagar med forsvarleg drift.

Barnehagen må søkje godkjenning både etter forskrift om miljøretta helsevern i skolar osv. og barnehagelova og må mellom anna:

  • utarbeide vedtekter med opplysningar om formål, opptakskriterium og opningstider
  • etablere foreldreråd og samarbeidsutval for å sikre samarbeidet med heimane
  • føre internkontroll (systematisk HMS-arbeid)
  • følgje arealnorma for barnehagar
  • oppfylle krav til inneklima og luftkvalitet, f.eks. gjennomføre radonmåling

Målgruppe

Personar, føretak eller stiftingar som planlegg å etablere barnehage

Vilkår

Alle barnehagar med regelmessig verksemd som tar betalt for opphald, må søkje godkjenning etter forskrift om miljøretta helsevern.

I tillegg må du søkje godkjenning etter barnehagelova, med mindre:

  • ingen av barna skal ha opphaldstid på meir enn 20 timar per veke, eller
  • det til ei kvar tid vil vere færre enn ti barn over tre år (eller færre enn fem barn under tre år) til stades samtidig.

Rettleiing

Du bør kontakte kommunen tidleg i planlegginga for å få informasjon om kva for krav kommunen stiller, kva for skjema du skal nytte og kva for godkjenningar og fråsegner du må leggje ved. Du bør også avklare om det er mogeleg å få offentleg tilskot.

For å få godkjenning etter forskrift for miljøretta helsevern i skolar osv., må du mellom anna beskrive:

  • inneklima og luftkvalitet
  • rutinar for reingjering og vedlikehald
  • tryggleik og helsemessig vernebuing
  • sanitære forhold og avfallshandtering

Søknad om godkjenning etter barnehagelova må mellom anna innehalde:

  • fasadeteikning, planteikning, kart over utearealet og utandørsplan
  • oversikt over talet på barn og alderssamansetnad
  • oversikt over talet på tilsette med og utan pedagogisk utdanning
  • forslag til vedtekter og budsjett
  • politiattest for eigar av barnehagen, eigar av lokala og dei tilsette

Søknadsfrist

Søknader blir behandla fortløpande.

Sakshandsaming

Kommunen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogeleg. Dersom svar på søknaden ikkje kan bli gitt innan éin månad, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når kommunen ventar å kunne svare deg.

Klage

Er du misnøgd med avgjerda kommunen har tatt, kan du klage. Fristen er tre veker frå du tok imot avgjerda til kommunen. I klagen gjer du greie for kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Send klagen til den avdelinga som sende avgjerda. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen klagen din vidare til Fylkesmannen.

Du vil få svar på klagen når saka er ferdigbehandla.

Kontakt oss