Barnehage - godkjenning
Beskrivelse
Før ein barnehage blir sett i drift, skal han godkjennast av kommunen. Barnehageeigaren pliktar å drive verksemda i samsvar med gjeldande regelverk, både med omsyn til pedagogisk innhald, helse, miljø og tryggleik.
Blant krava er:
- vedtektene til barnehagen skal mellom anna gi opplysningar om formål, opptakskriterier og opningstider
- kvar barnehage skal ha eit foreldreråd og eit samarbeidsutval for å sikre samarbeidet med heimen
- barnehagen skal føre internkontroll
Målgruppe
Barnehageeigarar
Vilkår
- Barnehagen skal drivast på regelmessig basis. Minst eitt av barna skal ha eit opphald på meir enn 20 timar per veke.
- Når barna er under 3 år, er det tillatt å ha 5 barn eller fleire til stades samstundes.
- Når barna er 3 år eller eldre, er det tillatt å ha 10 barn eller fleire til stades samstundes.
- Barnehagen vil motta godtgjerdsle for drifta. Den blir finansiert ved foreldrebetaling, statlege driftstilskot og eventuelt kommunalt tilskot. (Informasjon om kva du får i kommunalt tilskot, får du ved å kontakte kommunen. Satsane for foreldrebetaling og driftstilskot blir fastsette ved budsjettbehandlinga i Stortinget kvart år.)
Lover
- Barnehagelova
- Kommunehelsetjenestelova kap. 4a
- Forskrift om (...) dispensasjon og unntak fra utdanningskravet
- Forskrift om (...) kontroll av beregning og utbetaling av kontantstøtte
- Forskrift om foreldrebetaling i barnehager
- Forskrift om likeverdig behandling av barnehager
- Forskrift om miljørettet helsevern i barnehager og skoler
- Forskrift om pedagogisk bemanning
- Forskrift om politiattest etter barnehageloven
- Forskrift om rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver
- Forskrift om saksbehandlingsregler ved opptak i barnehage
- Forskrift om særbehandling av menn
- Rammeplan for barnehagen - temahefter
- Rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver
- Retningslinjer for revisorattestasjon ... (rundskrivF-06-06)
- Statstilskudd på barnehageområdet (rundskriv F-01-11)
Rettleiing
Kommunen vil gi deg rettleiing om kva for godkjenningar/utsegner du som barnehageeigar må innhente før barnehageetaten kan godkjenne barnehagen. Du bør derfor tidleg kontakte kommunen for å få informasjon om kva for krav som blir stilte.
Brosjyre:
www.etablerebarnehage.no
Søknadsfrist
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Sakshandsaming
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til dette, med opplysningar om når det er venta at vedtak vil liggje føre.
Klage
- Fristen for å klage er tre veker frå du mottok vedtaket.
- I klaga gjer du greie for kva du vil ha endra og grunngjer dette. Kommunen kan gje rettleiing ved behov.
- Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom vedtaket ikkje vert endra, blir klaga sendt vidare til kommunen sin eigen klageinstans, eller til Fylkesmannen i dei høve dette er klageinstansen.
- Du vil motta informasjon om klagebehandlinga når saka er ferdig.