Avlastning
Beskrivelse
Retten til avlasting gjeld alle som gir omfattande omsorg til ein person med stort omsorgsbehov. Målet er å gi den som yter omsorg, avlasting frå sine daglege omsorgsoppgåver, å førebyggje utmatting og stimulere til vidare innsats. Omsorgsytaren skal få høve til å oppretthalde gode familierelasjonar, ta vare på sosiale nettverk og få høve til turvande og regelmessig fritid og ferie.
Avlasting kan bli gitt nokre timar enkelte dagar eller som ei lengre døgnbasert teneste og kan bli gitt i:
- private heimar
- særskilde kommunale tiltak (til dømes sjukeheimar).
Målgruppe
Personar med særleg tyngjande omsorgsoppgåver.
Vilkår
- Den som treng avlasting, skal ha eit særleg tyngjande omsorgsarbeid.
- Den omsorgstrengande har eit behov som gir rett til sosiale tenester, han/ho kan ikkje ta omsorg for seg sjølv, eller han/ho er avhengig av praktisk eller personleg hjelp for å klare daglege gjeremål.
Rettleiing
Du kan kontakte kommunen for å få hjelp til å søkje om avlasting. Både omsorgsytaren og den hjelpetrengande kan søkje om avlasting, og skal takast med i planlegginga av tilbodet.
Sakshandsaming
Ein må søkje om tenesta, og kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd er. Kommunen skal gjere ei vurdering og deretter fatte vedtak.
Moment som kan bli tatt med i vurderinga er:
- om søkjaren arbeider mange timar per månad med omsorgsarbeid,
- om omsorgsarbeidet er meir fysisk eller psykisk tyngjande enn vanleg,
- om omsorgsarbeidet inneber mykje nattarbeid eller avbrot i nattesøvnen,
- om fordelinga over tid; om omsorgsarbeidet skjer i periodar eller heile tida,
- om arbeidet fører til sosial isolasjon og mangel på ferie og fritid,
- om det er snakk om omsorg for meir enn éin person.
Klage
Har du søkt helse- og omsorgstenester frå kommunen, kan du klage på avgjerda (etter pasient- og brukerrettighetsloven):
- Fristen for å klage er fire veker frå du tok imot vedtaket.
- I klaga beskriv du kva forhold du klagar på og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.
- Send klaga til den instansen som fatta vedtaket. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar.
- Dersom vedtaket ikkje blir endra, kan du klage til Fylkesmannen.
Du kan også klage på sjølve utføringa av helsetenesta du får:
- Send klaga til den instansen som yter tenesta, slik at ein har høve til å løyse saka på lågaste nivå.
- Dersom klaga blir avvist, eller kommunen meiner at rettane dine er oppfylte, kan du klage til Helsetilsynet i fylket.