Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Avlastingsopphald på sjukeheim

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 29.04.2017

Personar med nedsett funksjonsevne eller kronisk sjukdom kan få avlastingsopphald på sjukeheim for å avlaste deg som har den daglege omsorga. Du kan søkje om avlasting for ein avgrensa periode dersom omsorgsoppgåvene er særleg tyngande og avlasting er avgjerande for å kunne halde fram å gi omsorga.

Formålet med avlastinga er å:

  • hindre overbelasting hos deg som omsorgsytar
  • gi deg som omsorgsytar nødvendig fritid og ferie
  • gi deg som omsorgsytar høve til å delta i vanlege samfunnsaktivitetar

Målgruppe

Personar som har særleg tyngande omsorgsoppgåver.

Vilkår

Omsorgsarbeidet du utfører må vere særleg tyngande, og du må ha eit reelt behov for avlasting.

Lover

Helse- og omsorgstenestelova § 3-2 (Kommunen sitt ansvar for helse- og omsorgstenestar)

Pasient- og brukarrettslova kap. 7 (Klage)

Rettleiing

Har du behov for avlasting, kan du søkje kommunen om avlastingsopphald på sjukeheim for den omsorgstrengande. I søknaden bør du vere tydeleg og detaljert når du gjer greie for behova dine, og ta med opplysningar om:

  • kor mange timar per månad du utfører omsorgsarbeid  
  • omsorgsarbeidet er meir fysisk eller psykisk belastande enn vanleg  
  • omsorgsarbeidet inneber mykje nattarbeid eller avbrot i nattesøvn  
  • du utfører omsorgsarbeidet i periodar eller heile tida  
  • omsorgsarbeidet fører til sosial isolasjon og mangel på ferie og fritid  
  • du har omsorg for meir enn éin person

Sakshandsaming

Kommunen har plikt til å behandle søknaden din så snart som mogeleg. Dersom svar på søknaden ikkje kan bli gitt innan éin månad, skal du få ei skriftleg grunngiving og opplysningar om når kommunen ventar å kunne svare deg.

Godkjenner kommunen avlastingsopphald på sjukeheim, får du ei skriftleg avgjerd om lengde og korleis opphaldet blir organisert.

Klage

Du kan klage på avgjerda til kommunen etter pasient- og brukarrettslova. Fristen er fire veker frå du tok imot svarbrevet. I klagen gjer du greie for du kva du ønskjer endra, og grunngir dette. Kommunen kan gi rettleiing ved behov.

Klagen sender du til den avdelinga som sende svarbrevet. Dei vil vurdere om det er grunn til å gjere endringar. Dersom avgjerda ikkje blir endra, sender kommunen saka vidare til Fylkesmannen.

Har du ikkje fått nødvendig hjelp eller er misnøgd med korleis tenesta er utført, kan du klage. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer. Send klagen til kommunen eller direkte til sjukeheimen. Dersom klagen blir avvist, eller kommunen meiner at rettane dine er oppfylte, vil dei sende klagen vidare til Fylkesmannen.

Kontakt oss