Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Arbeidsgivaravgift

Beskrivelse

Oppretta: 13.11.2010 – Sist oppdatert 21.10.2017

Har du tilsette, må du betale arbeidsgivaravgift annankvar månad, seks gonger i året. Du må òg levere a-melding kvar månad, tolv gonger i året, til arbeidsforholdet tar slutt, sjølv om du ikkje betaler ut løn.

Arbeidsgivaravgifta blir rekna av brutto løn til tilsette. Honorar, provisjon, overtidsbetaling og ulempetillegg blir òg rekna som løn. Satsen for arbeidsgivaravgift følgjer av den kommunen der verksemda har hovudkontoret sitt (sjå soneinndeling) og varierer mellom 0 % og 14,1 %.

A-meldinga inneheld opplysningar om løn og ytingar, i tillegg til status på alle arbeidsforhold. Du skal sende inn a-meldinga elektronisk seinast den 5. i månaden etter utbetaling av løn eller ytingar.

Målgruppe

Alle som har nokon tilsett i si verksemd eller teneste, eller som engasjerer nokon til å utføre oppdrag.

Vilkår

Du må betale arbeidsgivaravgift sjølv om beløpet ikkje må innrapporterast på grunn av storleiken på beløpet.

Av naturalytingar og av godtgjersle som skal dekkje utgifter i samband med utføring av arbeid, oppdrag eller verv, skal du betale avgift i dei tilfella naturalytingane og godtgjerslene òg skal med i berekninga av forskotstrekk.

Du skal ikkje betale arbeidsgivaravgift når arbeidet eller oppdraget er utført av ein sjølvstendig næringsdrivande.

Lover

Folketrygdlova § 23-2 (Arbeidsgivaravgift)

Folketrygdlova § 24-2 (Arbeidsgivarens plikter)

Forskrift om utrekning av a-avgift mv

A-opplysningslova

Rettsgebyrlova § 14 (Gebyr ved unnlatt betaling)

Rettleiing

Du skal betale arbeidsgivaravgift og skattetrekk seks gonger i året. Fristen for å betale er:

  • januar og februar – betaling 15. mars
  • mars og april – betaling 15. mai
  • mai og juni – betaling 15. juli
  • juli og august – betaling 15. september
  • september og oktober – betaling 15. november
  • november og desember – betaling 15.januar (påfølgjande år)

KID og kontonummer for betaling av skattetrekk og arbeidsgivaravgift finn du i tilbakemeldinga du får etter å ha sendt inn a-meldinga. Du finn denne i "Min meldingsboks" i Altinn eller i lønssystemet.

Dersom du ikkje betaler arbeidsgivaravgifta, kjem det på forseinkingsrenter frå forfall og fram til betaling skjer. Viss kravet ikkje blir betalt frivillig, startar skatteoppkrevjaren tvangsinnkrevjing, og det kan komme på kostnader i samsvar med rettsgebyrlova.

Kontakt oss