Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Akutt hjelp døgnopphald

Beskrivelse

Oppretta: 13.07.2010 – Sist oppdatert 21.02.2017

Har du ein kjend diagnose, rusproblem eller kronisk sjukdom og treng akutt hjelp pga. smerter eller forverring av tilstanden? Då kan kommunen tilby akutt hjelp døgnopphald i form av ein akuttplass på sjukeheim, slik at du slepp å bli lagt inn på sjukehus.

Formålet med akutt hjelp døgnopphalder at du skal få rett behandling til rett tid i ditt nærmiljø. Det er fastlegen din eller legevaktslege som bestemmer om du bør leggjast inn på sjukehus, eller om du kan få eit like godt tilbod ved akutt hjelp døgnopphald-avdelinga i kommunen.

Dette kan du vente etter innlegging:

  • Observasjon, rask diagnostikk og start av behandling.
  • Dagleg vurdering av tilsynslege i vekedagane og legevaktslege i helgane.
  • Sjukepleiar tilgjengeleg døgnet rundt.

Opphald ved akutt hjelp døgnopphald-avdelinga vil normalt vare inntil tre døgn. Då vil du enten:

  • få reise heim
  • bli overført til ei anna avdeling eller til sjukehus
  • få forlenga opphaldet ved akutt hjelp døgnopphald-avdelinga

Målgruppe

Vaksne pasientar som treng akutt behandling og observasjon, men ikkje spesialisert sjukehusbehandling. Tilstanden treng ikkje vere kritisk eller livstruande.

Eksempel på pasientgrupper er:

  • Eldre og pasientar med forverring av kroniske sjukdommar som hjertesvikt, astma, kols og diabetes.
  • Pasientar med akutte og avklarte lidingar som lungebetennelse, smerter ved nyre- eller gallestein, forgifting, hjerneristing o.l.
  • Kreftpasientar med forverring av smerter, med behov for ei enkel utgreiing og hjelp til å handtere smertene.
  • Pasientar med psykisk sjukdom eller rusproblematikk.

Lover

Forskrift om øyeblikkelig hjelp døgntilbud

Helse- og omsorgstenestelova § 3-5 (Kommunens ansvar for akutt hjelp)

Pasient- og brukarrettslova § 2-1a (Rett til nødvendig hjelp frå kommunens helse- og omsorgsteneste)

Pasient- og brukarrettslova kap. 7 (Klage)

Rettleiing

Kontakt fastlegen din eller legevakt. Før ev. innlegging ved akutt hjelp døgnopphald-avdelinga skal legen vurdere:

  • kor alvorleg tilstanden er
  • om du har funksjonssvikt
  • den tidlegare sjukehistoria di
  • den psykiske og kognitive tilstanden din
  • om det er forsvarleg å velje det kommunale akutt hjelp døgnopphald-tilbodet framfor sjukehusinnlegging

Legen skal sørgje for ein plan på observasjon og behandling for det første døgnet etter innlegging.

Klage

Har du ikkje fått nødvendig hjelp eller er misnøgd med korleis tenesta er utført, kan du klage. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer. Send klagen til kommunen eller direkte til akutt hjelp døgnopphald-avdelinga. Dersom klagen blir avvist, eller kommunen meiner at rettane dine er oppfylte, vil dei sende klagen vidare til Fylkesmannen.

Anna informasjon

DENNE ORDNINGA ER IKKJE I DRIFT I FITJAR FØRELØBIG, MEN VIL KOMMA I DRIFT I 2015-2016.

Kontakt oss