Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Sunnhordland Interkommunale Barnevernteneste

Oppretta: 04.12.2012 – Sist oppdatert 04.12.2012

Sunnhordland interkommunale barnevernteneste, Bømlo, Fitjar og Stord ( SIB) – er organisert med Stord som vertskommune og tenestestad.  Bømlo og Fitjar er samarbeidskommunar.  Tenesta er eit interkommunalt samarbeid etter kommunelova § 28b, med eiga referansegruppe  og skal yta tenester til kommunane etter avtale.  Kommunane sitt totale innbyggjartal vel  30.000.  SIB har i dag 22, 5 årsverk, og saman skal me forvalte alle oppgåver og område innan Lov om barnevernteneste i våre tre kommunar.  Me er fordelt i ulike arbeidslag: leiarteam, merkantil, mottak, tiltak og omsorg. I tilegg har me eit familierettleiarprosjekt, med  for tida to årsverk.  Tenesta har kontorstad på Leirvik, Stord, med tilgjenglege kontor og møtestader i Bømlo og Fitjar.  Stord kommune er formell tilsetjingsstad.

 

 

Førstesekretær (ID 773) Prosjektstilling, SIB

Det er ledig 100 % prosjektstilling som sekretær med tenestestad i SKE – bygg, Lønningsåsen 1.

 

Stillinga kan verta forlenga og omgjort til fast stilling.

Arbeidsoppgåver:   

  • Merkantile støttefunksjonar
  • Støttefunksjonar til rekneskap og løn
  • Gjennomføring av utbetalingar og internkontroll knytt til utbetalingar
  • Ivaretaking av øvrige kontorfaglege oppgåver i samarbeid med økonomileiar

Kompetansekrav:

  • Økonomiske og administrative fag
  • Merkantil utdanning og erfaring
  • Gode datakunnskapar
  • Det er ynskjeleg med kjennskap til fagsystema Familia og Agresso eller tilsvarande program

Personlege eigenskapar:

  • Positiv innstilling, imøtekomande, fleksibel og initiativrik
  • Evne til å arbeida målretta og sjølvstendig
  • Gode kommunikasjonsevner og resultatretta legning
  • Sjølvgåande og fornyingsorientert
  • Serviceinnstilt, fleksibel og open for nye oppgåver
  • Systematisk og strukturert arbeidsmåte

Lønsvilkår: Løn etter tariff/avtale

Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk.

Den/dei som vert tilsett må leggja fram gyldig politiattest og ha sertifikat.

 

For meir informasjon, kontakt leiar for Sunnhordland interkommunale barnevernteneste
Trine Hjertholm tlf. 53 49 69 26/ 90 88 09 58. Sjå elles www.stord.kommune.no

  

Søknadsfrist: 14.12.12

Kontakt oss