Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Fastløna fastlege med kommunale oppgåver (ID 453)

Oppretta: 19.09.2017 – Sist oppdatert 22.09.2017

 

Fitjar kommune har ledig fastløna legestilling frå oktober 2017. Kommunen har fått nytt kommunalt legesenter, og denne fastlegeheimelen blir ein av tre fastlegar.

Fastlegedelen får ei listelengd på om lag 400 personar, eit listetak på 600 personar og er rekna til 40 prosent stilling. Legen vil i tillegg ha ansvar for allmennlegeoppgåver i kommunen, som tilsynslege ved sjukeheim og helsestasjonslege i om lag 40 prosent stilling. Det er i tillegg mogleg å avtala fast arbeid ved interkommunal legevakt eller KAD-avdeling, slik at omfanget totalt blir 100 prosent stilling.

 

Les meir

Reinhaldar 50 % vikariat Fitjar bu- og behandlingssenter (ID 452)

Oppretta: 19.09.2017 – Sist oppdatert 19.09.2017

 

Frå oktober 2017 har me ledig 50 % vikariat på reinhald ved Fitjar bu-og behandlingssenter. Vikariatet går fram til april 2018.

 

Les meir

Reinhaldar Selevik skule 38 % fast (ID 450)

Oppretta: 12.09.2017 – Sist oppdatert 12.09.2017

 

Ved Selevik skule har me ledig fast stilling for reinhaldar 38 %. det er ynskjeleg med tiltreding snarast.

 

Les meir

Vegleiar vidaregåande skule (ID 451)

Oppretta: 12.09.2017 – Sist oppdatert 12.09.2017

 

NAV vegleiar i Fijtar vidaregåande skule er eit samarbeidsprosjekt mellom Arbeids- og velferdsdirektoratet og Utdanningsdirektoratet. Forsøket gått ut på at lokale NAV kontor og vidaregåande skular samarbeidar. NAV vegleiaren skal integrerast i skulen sine elevtenester og store delar av arbeidstida vert på skulen. Målet er å førebyggje fråfall og auke gjennomføring i vidaregåande skule. Dette er ei prosjektstilling som går over eit år.

 

Les meir

Rådmann (ID 449)

Oppretta: 06.09.2017 – Sist oppdatert 11.09.2017

Fitjar kommune søkjer ein nytenkjande og inkluderande rådmann, som kan leia kommunen vidare gjennom tydeleg samfunnsutvikling, økonomistyring og smart tenesteyting.

Les meir

Oppdrag som støttekontakt

Oppretta: 09.05.2014 – Sist oppdatert 10.04.2015

Fitjar kommune har ofte ledige oppdrag som støttekontakt/fritidskontakt for personar med ulike funksjonshemmingar, både barn, unge og eldre.

 

Les meir

Kontakt oss