Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Undervisningsstilingar i grunnskulen (ID 596)

Oppretta: 13.03.2020 – Sist oppdatert 13.03.2020

Frå 01.08.2020 er det ledige undervisningsstillingar (heile stillingar og deltidsstillingar) i grunnskulen i Fitjar kommune. Dei fleste stillingane vil vera årsvikariat, men det kan også vera  faste stillingar


Fitjar kommune har tre grunnskular av ulik storleik

Rimbareid barne- og ungdomsskule 1. – 10. årstrinn ca. 370 elevar

Øvrebygda skule                                1. – 7. årstrinn   ca.  50 elevar

Selevik skule                                      1. – 7. årstrinn   ca.  25 elevar

 

Fitjar kommune søkjer personar med undervisningskompetanse for grunnskulen med god fagleg og pedagogisk utdanning. Me ynskjer søkjarar med kompetanse innafor dei fleste faga.

Språkfaga engelsk, spansk og tysk er av særleg interesse. Kommunen har også behov for ein teiknspråklærar.

Menn vert oppfordra til å søkja. Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

 

Skulane i Fitjar kan tilby interessante og utviklande arbeidsoppgåver. Fokus er no retta  inn mot ny overordna del og nye fagplanar frå hausten 2020. Ein inkluderande skule, tilpassa opplæring og bruk av digitale hjelpemiddel inngår som ein del av læreplanutviklinga. Kommunen er aktiv innafor etter- og vidareutdanning.  For nyutdanna lærarar vil me tilby rettleiing. Har du spørsmål eller treng du fleire opplysningar, ta kontakt med etatssjef for oppvekst og kultur John Karsten Raunholm tlf. 975 01 370.

 

Nærare informasjon og søknadsskjema finn du på fitjar.kommune.no/stilling

NB - viktig! I søkjarportalen må du leggja inn alle faga du har utdanning i inkludert talet på studiepoeng pr. fag. Det er ikkje nok å leggja inn allmenlærarutdanning.

Godkjente kopiar av vitnemål og attestar vert etterspurt i samband med innkalling til intervju.

 

For stillingane gjeld: Tilsetjing i Fitjar kommune med tilvist arbeidsstad på aktuelle skular. Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Søkjarar må leggja fram politiattest før dei tek til i stillinga, jf. opplæringslova § 10 - 9.

 

Søknadsfrist: 29. mars       Søknadskjema finn du her

Kontakt oss