Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Sjukepleiar på natt 76,13 % vikariat (ID 440)

Oppretta: 31.07.2017 – Sist oppdatert 31.07.2017

Ved Fitjar bu-og behandlingssenter, har vil ledig vikariat for sjukepleiar på natt, 76,13 %.

Det er ynskjeleg med tiltreding snarast. Vikariatet er førebels til 31.12.2018, men kan verta forelnga.

 

Fitjar bu og behandlingssenter har 2 avdelingar, ein avdeling for rehabilitering, behandling av utskrivingsklare pasientar frå sjukehus, samt langttidspasientar. Ved denne avdelinga har me også tilbod innan lindrande pleie og omsorg. Den andre avdelinga har 2 grupper for demente. Stillinga inneber også arbeid i nattpatruljen, dvs at ein også har ansvar for heimebuande brukarar på natt.

 

Fitjar kommune er ei IA bedrift.

Me søkjer deg som:

Har norsk autorisasjon.

Er faglig dyktig.

Kan vise til gode samarbeidsevner.

Har interesse for, og glede av å jobba med eldre.

Er positiv, serviceinnstilt og fleksibel.

Jobbar systematisk og tek ansvar for avdelinga si totale drift.

Har gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg.

Har godkjend politiattest.

Erfaring frå omsorgssektoren og kunnskap om bruk av elektronisk pasientjournal er ei føremon.

 

Me tilbyr:

Godt arbeidsmiljø med gode kollegaer og godt fagmiljø.

Forhandlingsturnus

Løn etter avtale.

Rekrutteringstilskot mot bindingstid.

Forhandlingsturnus.

God forsikrings- og pensjonsordning.

Opplæring og vegleiing.

 

Fitjar kommune ynskjer eit mangfaldig arbeidsmiljø og oppmodar alle kvalifiserte til å søkje uavhengig av kjønn, alder og etnisk bakgrunn.

 

Nærare opplysningar om stillinga får de ved å kontakte einingsleiar Ellen Sandsmark tlf: 53 45 86 23 eller avdelingsleiar Kari Bjelland Vik tlf: 53 45 86 20. Vitnemål og attestar skal takast med ved innkalling til eit evt. intervju.

 

Søknadsfrist: 18.08.2017.

 

Me ber deg nytta vårt elektronsike søknadsportal som du finn her. Velg ID 440.

Kontakt oss