Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Sjukepleiar 70 % vikariat Heimebaserte tenester (ID 515)

Oppretta: 28.11.2018 – Sist oppdatert 29.11.2018

Ved heimebaserte tenester, Havnahuset bu- og servicesenter har me ledig vikariat på 70 prosent for sjukepleiar frå 01.01.2019.

Varigheit: Førebels fram til 31.08.2019 med moghelgheit for forlenging.

Arbeidstid: todelt turnus dag/kveld.

Arbeidsstad: ute i heimesjukepleien og inne på Havnahuset.

 

Kvalifikasjonar:

Godkjend autorisasjon.

Gode norsk kunnskapar skriftleg og munnleg.

Kan vise til gode samarbeidsevner og er serviceinnstilt.

Har interesse for, og glede av å jobba med menneske med ulike hjelpebehov.

Jobbar systematisk og tek ansvar og initiativ for avdelinga si totale drift.

Bilsertifikat (kommunen har tenestebilar)

Røynsle frå bruk av elektronisk pasientjournal er ei føremon.

 

Me tilbyr:

Triveleg arbeidsmiljø med gode kollegaer og eit godt fagmiljø.

Løn etter avtale.

God forsikrings- og pensjonsordning.

God opplæring og vegleiing.

 

Fitjar kommune ynskjer eit mangfaldig arbeidsmiljø og oppmodar alle kvalifiserte til å søkje uavhengig av kjønn, alder og etnisk bakgrunn.

 

Vitnemål og attestar skal takast med ved innkalling til intervju. Den som vert tilsett må levera politiattest av nyare dato.

 

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å kontakte einingsleiar Iren Mari Hamborg tlf: 53 45 86 18 / 974 67 069.

 

 

Søk elektronisk her innan 13. desember 2018.

 

Kontakt oss