Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Oppdrag som støttekontakt

Oppretta: 09.05.2014 – Sist oppdatert 10.04.2015

Fitjar kommune har ofte ledige oppdrag som støttekontakt/fritidskontakt for personar med ulike funksjonshemmingar, både barn, unge og eldre.

 

For tida er det ingen ledig oppdrag, men det kjem stadig til nye oppdrag, så om du har interesse for denne type arbeid kan du søkje.

Kommunen ynskjer å ha i reserve personar som kan ta slike oppdrag ved behov. Det kan vere greit å vite om du ynskjer oppdrag med barn, ungdom eller andre.

Å vere støttekontakt er givande arbeid, og for den som treng støttekontakt får du vere med å utgjere ein viktig del i kvardagen.

Løn- og utgiftsdekking etter avtale. For denne type oppdrag er det krav om at ein legg fram politiattest av nyare dato. 

 

Ta gjerne kontakt med helse- og sosialsjef Anne Berit Hovstad Johansen for ein prat om aktuelle oppdrag, telefon 53 45 85 30. Du søkjer ved å trykkje på denne lenka.

Kontakt oss