Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Lærar 100% vikariat Rimbareid barne-og ungdomsskule (ID 500)

Oppretta: 13.09.2018 – Sist oppdatert 13.09.2018

 

Det er ledig 100 % stilling  med snarleg tiltreding som lærar ved Rimbareid barne- og ungdomsskule. Dette er eit sjukevikariat som truleg  vil vara fram til 31.07.19. Stillinga vil vera på ungdomstrinnet og det vert stilt krav til kompetanse i tråd med forskrift for Opplæringslova § 14- 1 og § 14-3.

 

Rimbareid barne- og ungdomsskule er ein 1. – 10. skule med om lag 380 elevar. Den ligg flott  til på Rimbareid med utsikt over store delar av bygda.  Skulen framstår som attraktiv med nytt tilbygg, rehabilitert bygningsmasse og oppgradert uteområde. Visjonen for skulen er kunnskap og venskap hand i hand.  

 

Kompetansebehov:

Norsk

Engelsk

Musikk 

 

Løns- og arbeidsvilkår  vert i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Søkjarar må leggja fram politiattest før dei tek til i stillinga, jf. Opplæringslova § 10 - 9.

Vitnemål og attestar skal takast med ved innkalling til intervju.

 

Spørsmål kring stillinga kan rettast til rektor Trude Mathiesen, telefon 470 18 230, eller skulesjef John Karsten Raunholm, telefon 97 50 13 70.

Søknadsfrist: Fredag 28.september 2018.

Søknad skal sendast elektronisk med utfyllande CV. Søknadsportal med søknadsskjema finn du her.

Kontakt oss