Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Kommunefysioterapeut 90 % fast stilling (ID 518)

Oppretta: 07.12.2018 – Sist oppdatert 07.12.2018

Me søkjer etter autorisert fysioterapeut, gjerne med erfaring frå liknande stilling.

 

Du må ha i interesse for førebyggjande arbeid like mykje som kurativ oppfølging av pasientar. 

Stillinga ligg organisatorisk under helse- og sosialsjef.

 

Kommunen har også 3 avtalefysioterapeutar med driftstilskot.  Ein ynskjer eit godt samarbeid med desse og kommunal stilling, for at ein skal gje gode tenester innanfor rammene kommunen stiller til rådvelde.

 

Stillingsomtale kommunefysioterapeut:

  • Kvardagsrehabilitering  til heimebuande (evt. kurativ behandling)
  • Ansvar for behandlingsplanar og oppfølging av pasientar ved Fitjar bu og behandlingssenter
  • Helsestasjons – og skulehelseteneste, ansvar for oppfølging av barn og råd og rettleiing til helsetenesta, samt barnehage -/skuletilsette og føresette.
  • Ta del i førebyggjande helsetiltak
  • Koordinator ansvar for nokre IP

 

 

Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Faglig ansvar for planlegging, utvikling og gjennomføring av eigne arbeidsoppgåver
  • Faglig ansvar med aktuelle yrkesgrupper
  • Bidra til godt  tverrfagleg samarbeid internt og på ulike tenestenivå
  • Delta i kvalitetsutvikling av tenesta
  • Interesse for å vera med å utvikla gode gruppetilbod
  • Hjelpemiddelsøknader
  • Eigenbetaling og refusjon, lage gode grunnlagsdata til økonomi
  • Friskliv/LMS

 

 

Me søkjer ein person som også :

  • Er fleksibel og tilpassingsdyktig
  • Og har evne til å motivera til meistring og fysisk aktivitet.
  • Og har interesse for fysisk aktivitet og meistring av rus/psykisk helse.
  • Har evne til å ta eige initiativ, er engasjert og kan jobba både sjølvstendig og i team
  • Har gode samarbeidsevner og gode kommunikasjonsferdigheiter
  • Har førarkort og disponerer eigen bil
  • Personlege eigenskapar vil verte lagt vekt på
  • Kunne beherske norsk munnleg og skriftleg
  • Må visa fram politiattest av nyare dato

 

Spørsmål om stillinga kan rettast til helse- og sosialsjef Anne Økland tlf.: 909 86 971

 

Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande kommunalt avtaleverk.

 

 

Søk elektronisk her innan måndag 31. desember 2018.

 

 

Kontakt oss