Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

ID 545 Styrar Fitjarstølane barnehage, vikariat - 2. gongs utlysing

Oppretta: 11.04.2019 – Sist oppdatert 11.04.2019

Her har du ein unik sjanse til å prøva deg som leiar i eitt år.

Frå 01.08.2019 – 31.07.2020 er det ledig eit vikariat i 100 % stilling som barnehagestyrar i Fitjarstølane barnehage (80 % styrarressurs og 20 % på avdeling). 

Barnehagen har to avdelingar med til saman i 8,8 tilsette. Bygningsmassen er god og uteområdet vart oppgradert hausten 2017. Styrar skal leia og vidareutvikla barnehagen som en pedagogisk og lærande organisasjon i tråd med barnehagelova, rammeplanen og andre overordna vedtak. Barnehagen er utviklingsorientert og hovudfokus er no retta mot være saman og eit inkluderande barnehage – og skulemiljø.

Fitjar kommune søkjer ein barnehagestyrar som:

  • Har godkjent utdanning som barnehagelærar/førskulelærar eller annan høgare pedagogisk utdanning (Det kan også vera aktuelt å vurdera søkjarar med lærarutdanning).
  • Gjerne har vidareutdanning innan leiing/leiarerfaring.
  • Har gode leiareigenskapar
  • Er relasjons- og utviklingsorientert.
  • Er open, positiv og involverande
  • Likar nye utfordringar og er open for endring
  • Er strukturert, målretta og kvalitetsbevisst
  • Er løysningsorientert, fleksibel og med høg grad av nærvær
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Har relevant IKT - kompetanse

 

Me kan tilby:

  • Et godt og triveleg arbeidsmiljø med engasjerte og fagleg dyktige kollegaer
  • Medarbeidarar som har fokus på fagleg utvikling og kritisk refleksjon
  • Nettverksarbeid lokalt og regionalt
  • Kommunale lønns- og arbeidsvilkår med god pensjonsordning


Andre opplysningar:

Den som vert tilsett må leggja fram politiattest. Søkjarar vil normalt bli ført opp i offentleg søkjarliste, men kommunen kan gjera unntak etter nærare vurdering. Oppmoding om unntak må grunngjevast. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, blir du varsla om dette.

For meir informasjon om stillinga kan de ta kontakt med
skulesjef John Karsten Raunholm 53 45 85 25/97 50 13 70 eller
styrar Sanna Kristina Pynnönen tlf. 94 80 10 86

 

Elektronisk søknadsskjema finn du her 

Søknadsfrist: 26. april 2019

Kontakt oss