Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

ID 467 Miljøterapeut 85 % langturnus - fast stilling

Oppretta: 11.01.2018 – Sist oppdatert 11.01.2018

Ved heimebaserte tenester avd. PU har me ledig fast stilling for vernepleiar, eller anna relevant høgskuleutdanning, 67,61 % av stillinga er i langturnus og 16,67 % er kvar 3. helg i vanlig turnus.

Me søkjer deg som:

Har norsk autorisasjon.

Har gode norsk kunnskapar skriftleg og munnleg. 

Er faglig dyktig.

Kan vise til gode samarbeidsevner.

Har interesse for, og glede av å jobba med menneske med ulike hjelpebehov.

Personleg eigenskapar vil verta vektlagt

Er positiv, serviceinnstilt og fleksibel.

Jobbar systematisk og tek ansvar og initiativ for avdelinga si totale drift.

Bilsertifikat

Røynsle frå bruk av elektronisk pasientjournal er ei føremon.

Me tilbyr:

Godt arbeidsmiljø med gode kollegaer og eit godt fagmiljø.

Løn etter avtale.

God forsikrings- og pensjonsordning.

God opplæring og vegleiing.

 Fitjar kommune ynskjer eit mangfaldig arbeidsmiljø og oppmodar alle kvalifiserte til å søkje uavhengig av kjønn, alder og etnisk bakgrunn.

 Nærare opplysningar om stillinga får de ved å kontakte einingsleiar Iren Mari Hamborg tlf: 53 45 86 18/90 67 81 36 eller Lillian Kongestøl Vik tlf: 53 45 86 17/97 46 62 96.

 Vitnemål og attestar skal takast med ved innkalling til intervju. Den som vert tilsett må levera politiattest av nyare dato.

 Søknadsfrist 23.01.2018

 Søknadsskjema finn du her.

Kontakt oss