Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Fastløna fastlege med kommunale oppgåver (ID 453)

Oppretta: 19.09.2017 – Sist oppdatert 22.09.2017

 

Fitjar kommune har ledig fastløna legestilling frå oktober 2017. Kommunen har fått nytt kommunalt legesenter, og denne fastlegeheimelen blir ein av tre fastlegar.

Fastlegedelen får ei listelengd på om lag 400 personar, eit listetak på 600 personar og er rekna til 40 prosent stilling. Legen vil i tillegg ha ansvar for allmennlegeoppgåver i kommunen, som tilsynslege ved sjukeheim og helsestasjonslege i om lag 40 prosent stilling. Det er i tillegg mogleg å avtala fast arbeid ved interkommunal legevakt eller KAD-avdeling, slik at omfanget totalt blir 100 prosent stilling.

 

Fitjar kommune søkjer deg som:

  • er motivert til å ha ansvaret for allmennlegeoppgåver i kommunen
  • ønskjer å bidra til ei god folkehelse
  • kan norsk eller eit nordisk språk munnleg og skriftleg
  • har førarkort for personbil
  • har grunnleggjande brukarkunnskap til IKT-verktøy

 

Relevant erfaring er ein føremon, men nyutdanna blir òg oppmoda om å søkja. Ny forskrift om kompetansekrav for legar i den kommunale helse- og omsorgstenesta krev at legar i kommunehelsetenesta må vera spesialist i allmenn medisin eller under slik utdanning.

 

Fitjar kommune tilbyr:

  • ordna arbeidstid og arbeidstilhøve
  • løn etter avtale og god pensjonsordning
  • gode tilhøve for drifta med nytt kommunalt legesenter og kommunalt støttepersonell
  • godt samarbeid med helse- og sosialadministrasjonen
  • å hjelpa til med å finna bustad

 

 

Ettersom begge noverande fastlegar er menn, blir kvinner oppmoda om å søkja. Stillinga er ledig frå oktober 2017.

 

Fitjar kommune har ansvar for å stilla legar til interkommunal legevaktordning saman med Stord og Bømlo, og ønskjer difor legar som kan delta i legevakt. Vaktene blir for tida delt mellom om lag 25 legar.

 

For meir informasjon om stillinga kan du ta kontakt seniorrådgjevar  Anne Berit H. Johansen, telefon 480 48 735.

 

Den som vert tilsett må leggja fram politiattest av nyare dato. Tilsetjing skjer etter ei kvar tid gjeldande lover, regelment og tariffavtalar.

 

Søknadsfrist 24.10.17. Trykk her for søknadsskjema.

Kontakt oss