Hopp til innhold Hopp til søk

Byggesakskonsulent, avd for plan og utvikling 100 % fast stilling (ID 504)

Oppretta: 18.10.2018 – Sist oppdatert 01.11.2018

Avdeling for Plan og utvikling har ledig 100 % fast stilling som byggesakskonsulent.

Plan og utvikling er kommunen si fag- og forvaltningsavdeling innanfor regulering, byggjesak, kart og oppmåling. Avdelinga førebur og saker for Utval for plan og miljø, kommunen sitt faste utval for plan- og byggjesaker.

Stillinga vert lyst ut i tilfelle internt opprykk på stilling som avdelingsleiar (ID: 503).

Les meir

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Byggesakskonsulent, avd for plan og utvikling 100 % fast stilling (ID 504)

Oppretta: 18.10.2018 – Sist oppdatert 01.11.2018

Avdeling for Plan og utvikling har ledig 100 % fast stilling som byggesakskonsulent.

Plan og utvikling er kommunen si fag- og forvaltningsavdeling innanfor regulering, byggjesak, kart og oppmåling. Avdelinga førebur og saker for Utval for plan og miljø, kommunen sitt faste utval for plan- og byggjesaker.

Stillinga vert lyst ut i tilfelle internt opprykk på stilling som avdelingsleiar (ID: 503).


Hovudoppgåver:

Som byggesakskonsulent vil du jobbe med forvaltning etter plan- og bygningslova, samt etter kart- og planforskrifta:

-      Saksbehandling av byggesøknadar

-      Vedlikehald av grunnkart, eigedomskart og diverse temakart

-      Digitale kartdata i Fitjar

-      Vedlikehald av digitalt planregisteret i samarbeid med planansvarleg

-      Teknisk bistand, regulerings- og kommuneplanar

-      Forvaltning etter matrikkellova

Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga. Du vil samarbeide med våre andre tilsette på avdelinga.

 

Kvalifikasjonar for stillinga:
Høgare utdanning, eksempelvis ingeniørhøgskule med relevant studieretning eller universitet.
Kunnskap om plan- og bygningslova/kart- og planforskrifta og andre tilhøyrande forskrifter.

Erfaring med GIS, geodata og anna plan- og kartarbeid er eit stort føremon.

Relevant erfaring vil bli tillagt vekt ved vurdering av kompetansekrav. Ønskjelege personlege eigenskapar vert vektlagt.

 

Me kan tilby:

-          Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver

-          Positive og dyktige medarbeidarar

-          Løn etter avtale og gode pensjonsvilkår

 

Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskjer om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.

Ta gjerne kontakt for ein uformell samtale med byggesakskonsulent Solveig Alvsaker, tlf 53 45 85 36 eller assisterande rådmann Svein Dale Soleng, tlf. 951 02 854.


Søknadsfrist:
12.11.2018

 

Søknadsskjema finn du her.

Kontakt oss