Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Barnehagelærar 3. gongs utlysing (ID 495)

Oppretta: 04.07.2018 – Sist oppdatert 04.07.2018

80 % stilling  som barnehagelærar frå 06.08.18 – 02.11.18

 

Fitjarstølane barnehage er ein  kommunal barnehage i Fitjar kommune. Den ligg like utanfor Fitjar sentrum i bustadområdet Fitjarstølane. Barnehagen har trivelege lokale med naturen som nærmaste nabo. Den har 2 avdelingar med totalt 36 barn. Uteområdet er nyrenovert med nye leikeapparat. Barnehagen har no hovudfokus mot den autoritative vaksenrolla (være saman) og eit inkluderande barnehage- og skulemiljø.

 

Sidan dette er 3. gongs utlysing bør også barne- og ungdomsarbeidarar søkja.

 

Me søkjer etter ein medarbeidarar som har:

  • 3-årig barnehagelærarutdanning
  • Godt humør og gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til å bidra til at barn opplever meistring og glede
  • Fokus på utvikling og målretta arbeid til det beste for barna.
  • Evne til å ta initiativ og arbeide målretta og sjølvstendig
  • Arbeidsglede, er fleksibel og viser god relasjonskompetanse
  • God IKT kompetanse

 

Me kan tilby:

  • Personleg og fagleg utvikling
  • Gode rammevilkår
  • Løn etter avtale



I tillegg til formell utdanning og praksis vert det lagt vekt på personlege eigenskapar.

Den som blir tilsett må leggje fram gyldig politiattest.

Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.

 

Spørsmål kring stillinga kan rettast til skulesjef John Karsten Raunholm, telefon 975 01 370.

 

Søknadsfrist: fredag 20.juli

 

Søknadskjema skal fyllast ut med referansar og oppdatert CV.  Søknadsskjema finn du her. 

 

 

Kontakt oss