Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Sjukepleiar 80 % fast (ID 168)

Oppretta: 08.03.2012 – Sist oppdatert 25.03.2014

Ved Fitjar bu-og behandlingssenter, har vil ledig 80 % fast stilling for autorisert sjukepleiar. Stillinga er ledig frå dags dato.

Vi søkjer etter ein strukturert, sjølvstendig, fleksibel og engasjert sjukepleiar med godt humør og gode samarbeidsevner, helst med kompetanse og røynsle frå ulik medisinsk behandling, for tida ved vår somatiske avdeling men det kan også verta behov ved annan avdeling.

Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø og svært trivelege arbeidskollegaer. Kommunen har god lønspolitikk og forsikrings- og pensjonsordning. Tilsetting skjer på ordinære vilkår som til ei kvar tid gjeld i kommunal sektor.

Kunnskap om bruk av elektronisk pasientjournal er eit føremon. Det er krav om norsk autorisasjon som sjukepleiar.

Nærare opplysningar om stillinga får de ved å kontakte einingsleiar Ellen Sandsmark tlf: 53 45 86 23 eller Kari Bjelland Vik tlf: 53 45 86 20.

Søknadsfrist: 22.03.12

Vi ber deg nytta vårt elektronsike søknadsportal på våre nettsider som du finn her:

Kontakt oss