Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Ruskonsulent 60 % vikariat (ID 176)

Oppretta: 30.03.2012 – Sist oppdatert 25.03.2014

Stillinga er ledig frå om lag 15.05.2012.

Stillinga er eit vikariat i første omgang for eit år.  Stillingsprosent kan også verta noko auka.

Oppgåver lagt til stillinga er arbeider med tidleg intervensjon, rehabilitering med og utan Legemiddelassistert rehabilitering, råd og vegleiing til brukarar, pårørande og samarbeidspartnarar, henvising til spesialisthelsetjenesta, og oppfølging før, under og etter behandling,  noko bustadoppfølging og aktivitetsretta tiltak.

Til stillinga ynskjer me ein person med sosialfagleg eller helsefagleg høgskuleutdanning. Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar.

Stillinga kan også kombinerast med anna stilling i pleie- og omsorgsavdelinga.


Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.

 

For nærare info ta kontakt med NAV leiar Magnhild Eskeland Grov tlf. 480 54 332 eller helse- og sosialsjef Anne Berit Hovstad Johansen Tlf  53458530.

Søknadsskjema finn duher. Hugs å velg ID 176.

 

 

Søknadsfrist 15.04.12

Kontakt oss