Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Lyst til å jobba i Fitjar kommune?

Fitjar kommune er stor nok til at du er sikra ordna tilhøve, men liten nok til at du blir sett.  

 

 - Sjå her kva stillingar me har ledige akkurat no -

 

Fitjar kommune er ei IA-verksemd, og legg til rette for eit inkluderande arbeidsmiljø. Eigen velferdsklubb gir tilbod om sosiale aktivitetar til alle tilsette. Lærlingar sikrar etterveksten og gir eit verdifullt bidrag til arbeidsmiljøet.

Løns- og arbeidsvilkår er i tråd med gjeldande avtaleverk, og lokale avtalar løftar i mange tilfelle vilkåra over dei sentrale satsane. Fitjar kommune tilbyr svært gode pensjons- og forsikringsvilkår gjennom KLP.

Slå deg ned i Fitjar

Likar du å ferdast i båt, byr Fitjar på ein unik skjergard med tronge sund, smale farleier og ei rekkje øyar der du kan gjera strandhogg. I Fitjar kommune er det rundt 350 øyar, holmar og skjer.

Kommunen har mekanisk industri og eit skipsdesignmiljø i verdsklasse. Primærnæringa er også viktig. Jordbruket vert dominert av storfe- og sauehald. Organisasjonslivet er sterkt og variert.

Det nære øyriket er eit eldorado, ikkje minst for padling. Fiskeplassane finn du tett.

Fitjar kommune ligg midt i Sunnhordland. Som innbyggjar i Fitjar har du kort veg til alle service-, handels- og utdanningstilboda i regionssenteret Stord.

Etter halvannan times reise i retning nord kjem du til storbyen Bergen. Berre ein kort tur mot sør finn du filmbyen Haugesund og oljebyen Stavanger.

Kontakt oss