Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Har du lyst til å jobba i Fitjar kommune?

- Sjå her kva stillingar me har ledige akkurat no 

- Les meir om korleis det er å bu i Fitjar 

 

Fitjar kommune er ei IA-verksemd, og legg til rette for eit inkluderande arbeidsmiljø. Eigen velferdsklubb gir tilbod om sosiale aktivitetar til alle tilsette. Lærlingar sikrar etterveksten og gir eit verdifullt bidrag til arbeidsmiljøet.

Løns- og arbeidsvilkår er i tråd med gjeldande avtaleverk, og lokale avtalar løftar i mange tilfelle vilkåra over dei sentrale satsane. Fitjar kommune tilbyr svært gode pensjons og forsikringsvilkår.

Krav til stillingssøkjarar

Fitjar kommune har tilsette frå mange land, og set pris på søknadar frå utanlandske statsborgarar. Desse krava er felles for alle stillingssøkjarar:

  • Du må kunna norsk både skriftleg og munnleg.
  • Søknaden må skrivast på norsk.
  • Attestar og vitnemål skal vera på norsk eller omsett til norsk.
  • Du må ha opphalds- og arbeidsløyve dersom dette blir kravd for din nasjonalitet.
  • For nokre stillingar må du leggje fram prov på autorisasjon.

Les meir:

 

Kontakt oss