ID 162 Ferievikarar 2012 Fitjar bu- og behandlingssenter.
27.01.2012
Ved Fitjar bu- og behandlingssenter (FBB) har me behov for ferievikarar i veke 25 – 32
( 18.06 – 12.08.12 ).
Fyller du 18 i nær framtid har du no høve til å tilbringa sommaren din saman med brukarar av våre tenester. Me kan tilby utfordrande arbeidsoppgåver i eit spanande, travelt og trivleg miljø. For studentar i relevante fag har me ekstra gode lønsvilkår. Fitjar kommune tilbyr også bonusordning for arbeid i ferieperioden.
ID 161 Ferievikarar 2012 heimebaserte tenester.
27.01.2012
I heimebaserte tenester og i bustader for personar med utviklingshemming
har me behov for ferievikarar i veke 25 – 32 ( 18.06 – 12.08.12 ).
Fyller du 18 i nær framtid har du no høve til å tilbringa sommaren din saman med brukarar av våre tenester. Me kan tilby utfordrande arbeidsoppgåver i eit spanande, travelt og trivleg miljø. For studentar i relevante fag har me ekstra gode lønsvilkår. Fitjar kommune tilbyr også bonusordning for arbeid i ferieperioden.
ID 163 Reinhaldar 60 % vikariat Øvrebygda skule.
25.01.2012
Arbeidsområde:
Jobben inneber rundt 4,5 timar pr dag og består av reinhald av skulen sine lokalar og nedvasking av skulen i ferie. Arbeidsdagane føl skulen sitt undervisningsår.
Kvalifikasjonar:
Me ynskjer ein dyktig, grundig og påliteleg reinhaldar. Du må ha interesse av og lyst til å jobbe blant barn og unge. Fagbrev innan reinhald er ynskjeleg men god røynsle kan kompensera for fagbrev.
ID 155 Sjukepleiar 80 % vikariat Fitjar bu-og behandlingssenter
23.12.2011
Fitjar bu-og behandlingssenter har ledig 100 % vikariat for sjukepleiar. Vikariatet er ledig frå dags dato.
ID 154 Avdelingsleiar heimebaserte tenester
23.12.2011
Fitjar kommune har ledig stilling som avdelingsleiar for heimebaserte tenester. Heimebaserte tenester består av Havnahuset omsorgssenter med heildøgns omsorgstenester, psykiatritenesta og heimetenesta i kommunen. Avdelinga har mange tilsette med høg kompetanse.
ID 153 Avdelingsingeniør oppmåling
19.12.2011
Ved avd. for Plan og Utvikling er det ledig 100% fast stilling som avdelingsingeniør med fagansvar for kart og oppmåling.
ID 152 Avdelingsleiar plan og utviklingsavdelinga
19.12.2011
Fitjar kommune har ledig stilling som leiar for Plan- og Utviklingsavdelinga. Avdelinga har ansvar for planarbeid i vid forstand, byggsakhandsaming, oppmåling og naturleg tilknytte oppgåver. Ved avdelinga er det 4 fagstillingar (inkl. leiar). Leiar har fag-, personal- og økonomiansvar, er med i rådmannen si toppleiargruppe og rapporterar direkte til han.