Retningslinjer til bruk i byggesaker
Retningslinjer for deg som skal bygga garasje, uthus og mindre byggningar.
Skal tiltaket kunne sendast inn av deg som tiltakshavar, som melding etter § 86a i plan- og bygningslova (Pbl), må følgjande forhold vere oppfylt:
* oppføring av ein enkelt frittliggjande bygning, som ikkje skal nyttast til bustad
* verken samla bruksareal og bebygd areal er over 70 m²
* berre vere i ein etasje
* skal førast opp på allereie bebygd eigedom
Det vil sei at du ikkje treng formelt byggeløyve frå kommunen - det er nok at kommunen ikkje har merknader til meldinga.
Føresetnaden er at bygningen ikkje vert nytta til bustadføremål og at den ikkje er i strid med reguleringsplan eller andre planer. Tiltaket skal handsamast av kommunen innan 3 veker etter mottak av komplett melding. Ved overskriding av fristen kan tiltaket setjast i gang.
Det vert ikkje stilt krav om byggfagleg utdanning til den som sender inn meldinga eller utfører arbeidet. Tiltakshavar er sjølv ansvarleg for at tiltaket følgjer gjeldande krav etter plan- og bygningsloven og tilhøyrande forskrifter.
Krav som må vere oppfylt for at bygningen vert i ein (1) etasje:
Bygningen eller byggverket kan førast opp i inntil ein (1) etasje, og kan i tillegg vere underbygd med kjellar.
Loft kan i tillegg byggjast inn dersom det har bruksareal på mindre enn ei tredjedel av underliggjande plan sitt areal. Loftsareal kan berre nyttast til lager/oppbevaring.
I § 4-1 i teknisk forskrift (TEK/REN) vert det sett følgjande krav til tal på etasjar:
Mindre loft, som har bruksareal mindre enn 1/3-del av underliggjande etasje sitt bruksareal (BRA), vert ikkje rekna med i tal på etasjar, med mindre dei inneheld hovuddel, som t.d. soverom.
Kjellar, som berre inneheld tilleggsdel, vert ikkje rekna med i tal på etasjar dersom himlingen er lågare enn 1,5 meter over planert terreng sitt gjennomsnittsnivå rundt bygningen.
Slik kjellar kan mellom anna innehalde garasje, fordi garasje er tilleggsdel.
(Ved avstand større enn 1,5 meter frå himling til gjennomsnittleg terreng vert kjellar rekna som etasje og saka vert søknadspliktig.)
Me vil gjere merksam på at reguleringsplan med føresegner kan sette andre krav enn det som er nemnd over.
Branntekniske forhold:
Når det gjelder plassering av frittliggjande bygning med bruttoareal til og med 50m² skal den i følgje tekniske forskrifter (TEK) plasserast med minst to meters avstand til bygning på naboeigedom. Er avstanden mindre enn 2 m mellom bygningar på forskjellige eigedomar, må desse være skilt med branncellebegrensande bygningsdel.
For bygning med bruttoareal på over 50m² skal avstand til annan bygning vera min. 8,0 meter eller dei deler av bygningane som ligg nærare, utførast med brannmotstand som branncellebegrensande konstruksjon.
Situasjonsplan skal visa alle forhold på eigedomen t.d. tilkomst, plassering av tiltaket med påført rette mål og avstand til eksisterande bygning(ar), nabogrense(r) og veg(ar).
Avstand til grense og veg:
Garasje, uthus eller andre mindre bygningar vert vanlegvis godkjent plassert 1 m frå nabogrense. En slik avstand bør det minimum være bl.a. for å kunne vedlikehalde bygningen frå eigen grunn og for å forhindre taknedfall (regn, snø etc.) på naboen sin grunn.
For bygning der samla bruksareal eller bebygd areal er over 50 m² må det liggje føre samtykke frå nabo ved plassering nærare nabogrense enn 4,0 meter, jf. § 70 i Pbl. og TEK § 4-4.
Krav til avstand frå grense mot veg vil variere, avhengig av om eigedomen grenser til kommunal-, fylkes- eller riksveg _ eller om evt. reguleringsplan, set byggrense eller andre føringar.
Tinging av kart m.m.:
Basiskart, naboliste og reguleringsplanar m/føresegner, som skal nyttast ved melding om tiltak må tingast av kommunen på førehand. Kostnad for dette er kr. 280,- inkl. mva.
Nabovarsel skal innehalde tilstrekkeleg opplysningar til at naboar eller gjenbuarar kan vurdere om tiltaket rører ved deira interesser.
Gebyr:
Gjeldande sats for 2005:
Mindre byggjearbeid/tiltak på bebygd eigedom (jf. § 9 i SAK):
Frittliggjande bygning 0 _ 70 m² kr. 2.970,-
Meldinga skal innehalda:
1. Godkjent situasjonsplan (ikkje eldre enn 3 månader) i mål M 1:500/1000.
2. Melding om tiltak _ søknadsskjema NBR 5153
3. Gjenpart av nabovarsel _ skjema NBR 5155
4. Komplette fagmessig utførte teikningar i plan, snitt og fasadar påført dato, målestokk og signatur.
Fråsegn/samtykke frå nabo, der dette er naudsynt (nærare nabogrense enn 4,0 m).
Skjema m.m.;
Nabovarsel
Her finn du skjema for nabovarsel


