Fitjar Kommune

Vinterstemning på Kalveid

Dagens bilde: Vinterstemning på Kalveid

Foto: Terje Eiken

Send ditt blinkskot på: foto@fitjar.kommune.no

Nabovarsel

Når naboen skal byggja, har du krav på nabovarsel.



Varselet kan koma på to måtar:

1) som rekommandert sending i posten

2) ved at naboen eller hans ansvarlege søkjar kjem på besøk og ber deg underteikna eit varslingsskjema.


Dersom du vert beden om å underskriva, er det to alternativ for deg:


1) Du skriv under på at du har motteke varsel om tiltaket, men at du held att retten til å koma med merknader/protest innan fastsett frist.

2) Du samtykker til tiltaket. Dermed fråskriv du deg i dei fleste tilfelle høvet til å koma med merknader.


Fleire varslingsrundar

Det er ikkje uvanleg at nabovarsling må sendast ut flere gonger. Dette kan skuldast at varslinga har vore ufullstendig/misvisande eller at det er gjort endringar i planane, slik at dette medfører krav om ny varsling. I så fall får du på ny høve til å skriva dine merknader.


Melding om vedtak o.a. frå kommunen

Dersom du har sendt inn merknader/protest har du også krav på å vita saksutviklinga og avgjerdene i saka. Kommunen vil difor bl. anna sende deg kopi av avgjerda si.


Søknadsskjema

NBR 5154 Nabovarsel (pdf)

NBR 5155 Gjenpart av nabovarsel (pdf)

Turistinformasjon

Nyhetsbrev

Få tilsendt nyhende frå denne sida. Registrer deg her

RSS frå kommunen

Kamera

  

Fitjar sentrum nett no

Sjøsio nett no

Kontakt kommunen

Kontaktbilde

 

Fitjar kommune har eit areal på 145 km2 og ca. 3000  innbyggjarar.

Ordførar
Harald Rydland (KrF)

Rådmann
Atle Tornes

Kommunenr. 1222
Organisasjonsnummer 944073310
Postadresse
Postboks 83, 5418 Fitjar
Telefonnr 53 45 85 00
Telefax nr 53 45 85 01
Teknisk vakt 95229950
Epost
fitjar@fitjar.kommune.no
Internett
www.fitjar.kommune.no

Innkjøp

Interkommunalt innkjøpsforum