Fitjar Kommune

Vinterstemning på Kalveid

Dagens bilde: Vinterstemning på Kalveid

Foto: Terje Eiken

Send ditt blinkskot på: foto@fitjar.kommune.no

Høgde på bygning

 

 

Aktuelle mål når ein skal måle høgda på ein bygning i samband med søking om byggeløyve, er gesimshøgd og mønehøgd.

Gesimshøgd

Gesimshøgd er høgda til skjering mellom ytre flate på ytterveggen og takflata. Målet skal takast oppå takflata. Gesimshøgda vert målt i forhold til planert terreng sitt gjennomsnittsnivå rundt bygningen, dersom ikkje anna er bestemt.

I høve til § 7-26 i teknisk forskrift (brannspreiing mellom byggverk), gjeld likevel måling berre for den eller dei vegger som ligg nær annan bygning. For desse veggene er det altså gjennomsnittleg gesimshøgd langs veggen ein skal måla i forhold til.

Høgda det vert vist til i § 70 nr. 2 i plan- og bygningslova, er og gjennomsnittleg gesimshøgd mot vedkomande nabogrense.

Tak- og bygningsutforming er derimot svært variable. Det er difor teke med i forskriftene særreglar som fangar opp dei vanlegaste utformingane med brystning eller ark.

Mønehøgd

Mønehøgda vert målt til toppen av mønet frå planert terreng sitt gjennomsnittsnivå rundt bygningen.

For bygningar på tomter med lite eller jamt fall, vil det normalt vere tilstrekkeleg å fastsetja kotehøgda på planert terreng i kvart hjørne av bygningen, og rekna ut gjennomsnittet.

Om lovverket som regulerer denne tenesta

Reglane om høgde på byggverk kjem fram mellom anna i plan- og bygningslova § 70, - om tomta ligg innanfor regulert område - ofte i reguleringsføresegnene og i rettleiar til teknisk forskrift REN § 3.



Forskrift om krav til byggverk og produkt til byggverk.

Rettleiing til teknisk forskrift til plan- og bygningslova.

Turistinformasjon

Nyhetsbrev

Få tilsendt nyhende frå denne sida. Registrer deg her

RSS frå kommunen

Kamera

  

Fitjar sentrum nett no

Sjøsio nett no

Kontakt kommunen

Kontaktbilde

 

Fitjar kommune har eit areal på 145 km2 og ca. 3000  innbyggjarar.

Ordførar
Harald Rydland (KrF)

Rådmann
Atle Tornes

Kommunenr. 1222
Organisasjonsnummer 944073310
Postadresse
Postboks 83, 5418 Fitjar
Telefonnr 53 45 85 00
Telefax nr 53 45 85 01
Teknisk vakt 95229950
Epost
fitjar@fitjar.kommune.no
Internett
www.fitjar.kommune.no

Innkjøp

Interkommunalt innkjøpsforum