Søk byggeløyve
For alle tiltak som ikkje er unnteke søknadsplikt eller kan handsamast som melding, skal det søkjast kommunen om byggeløyve.
Sakshandsmingstida er på maksimalt 12 veker (lovpålagd).
Her kan du sjå kva saker som må meldast og ikkje.
På denne sida kan du enkelt fylle ut byggjesøknader, meldingar, nabovarsel m.m. og skriva dei ut på din eigen PC.
Om du skal byggja nærare nabogrensa enn 4 m, så må du har eit skriftleg samtykke frå eigar av naboeigedomen, jf § 70.2 a i Plan og bygningslova. Under finn du skjema/erklæring som kan nyttast:
ERKLÆRING 1 ved plassering av bygning alle typar bygg unntatt dei som er nemnde erklæring 2.
ERKLÆRING 2 ved plassering av bygning i risikoklasse 1 med bruttoareal til og med 50m2 nærare nabogrense enn 1 m (garasje, uthus og liknande mindre bygning) jf § 70.2 i PBL.
ERKLÆRING 3 ved plassering av bygning der tiltakshavar sjølv brannsikrar mot naboeigedom.
Statens Bygningstekniske Etat (BE)- Byggjereglar, bygningsteknikk, produktdokumentasjon og godkjenning av føretak mm.
Skjema fiinn du her: http://www.fagmann.no/go/skjemaer


