Fitjar kommune

 

 

 

 

 

 

Møteinnkalling

Utval:

Utval for plan og miljø/Fast utval for plansaker

Møtestad:

Kommunestyresalen

Dato:

26.09.2007

Tidspunkt:

15:00

 

Forfall vert å melda på tlf 53 45 85 00 til Utvalssekretær  Kristin Meland, som syt for innkalling av vararepresentantar. Vararepresentantar møter berre etter spesiell innkalling.

 

Sak

Innhald

PS 094/07

Godkjenning av protokoll

PS 095/07

Reguleringsplan for 300 Kv kraftlinje frå Midtfjellet til kommunegrensa Fitjar/Stord

 

 

 

 

 

Anne-Line Innvær

 

leiar

 

 

Kristin Meland

 

Utvalssekretær

 

 


 

Fitjar kommune

 

Arkiv:              

Saksmappe:      03/00570-169

Sakshandsamar:          

Dato:                21.09.2007

MØTEBOK

Godkjenning av protokoll  

 

Utval sak

Utval

Møtedato

094/07

Utval for plan og miljø/Fast utval for plansaker

26.09.07

 

 

Samandrag:

Godkjenning av protokoll frå sist møte.

 

 

 

 

 

===============Framlegget skal skrivast mellom  strekane, ==========================

Framlegg til vedtak:

Utval for plan og miljø/Fast utval for plansaker godkjenner protokoll frå møte 12.09.2007

 

===============Streken vil følgje teksten =====================================

 

 

 

 

 

Atle Tornes

 

Rådmann

 

 


 

Fitjar kommune

 

Arkiv:               S05

Saksmappe:      06/00424-25

Sakshandsamar:           Torgeir Steien

Dato:                21.09.2007

MØTEBOK

Reguleringsplan for 300 kV. kraftlinje frå Midtfjellet til kommunegrensa Fitjar/Stord  Off. ettersyn 1. gong.

 

Utval sak

Utval

Møtedato

095/07

Utval for plan og miljø/Fast utval for plansaker

26.09.07

 

Vedlegg:

1. Framlegg til reguleringsplan, plankart datert 07.09.07 (nedfotografert)

2. Framlegg til reguleringsføresegner datert 07.09.07

3. Planskildring datert 07.09.07

4. Anleggskonsesjon for bygging og drifting av linja, NVE februar 2007.

5. Bakgrunn for vedtak om anleggskonsesjon.

6. Innkomne merknader.

 

Utrykte saksdokument:        

1. ”Forslag til utredningsprogram for 300 kV linje Midtfjellet – Børtveit” (Ambio  

     Miljørådgiving AS 21.11.05)

2. ”Konsekvensar for miljø, naturressursar og samfunn ved etablering av 300 kV     

     kraftlinje frå Midtfjellet Vindpark til Jektevik” (Ambio Miljørådgiving AS november  

     2005)

3. Konsesjonssøknad frå SKL til NVE 16.10.07.

4. Sak 148/06 – Utval for plan og miljø si drøfting av eventuelle konsekvensar av lina.

5. Sak 077/07  Utval for plan og miljø/fast utval for plansaker. Melding om oppstart av

    reguleringsplan for 300 kV- kraftline.

 

 

Saksopplysningar:

NVE gav i februar 2007 Midtfjellet Vindpark AS konsesjon til å byggja og driva Midtfjellet vindkraftverk i Fitjar kommune. Ei evt. bygging av vindkraftverket krev nettinvesteringar for å få overført krafta inn på sentralnettet. NVE konkluderer med at ein 300 kV leidning frå Midtfjellet transformatorstasjon til nytt koplingsfelt på Børtveit for tilkopling til eksisterande 300 kV leidning Stord – Husnes vil vera den samfunnsmessig sett beste løysinga for nettilgangen for Midtfjellet vindkraftverk.

 

På denne bakgrunnen gav NVE i februar 2007 SKL konsesjon til å byggja og driva ein 9,7 km lang luftleidning frå Midtfjellet transformatorstasjon til Børtveit i Stord kommune med nominell spenning 300 kV.

 

I samband med konsesjonssøknaden for 300 kV leidningen vart det og søkt Fitjar kommune om dispensasjon frå Plan- og bygningslova sine reglar om krav til reguleringsplan og frå vedteken arealbruk i kommuneplanen for Fitjar.

 

Då reguleringsplan for kraftlina går i 2 kommunar, fann administrasjon og utval for plan og miljø/fast utval for plansaker, at det rette måtte vera å ha lik planprosess i dei 2 kommunane.

 

I sak 077/07, den 26.06.07, fatta utval for plan og miljø/fast utval for plansaker følgjande vedtak:

 

Utval for plan og miljø/fast utval for plansaker dispensere med heimel i plan og bygningslova si § 7, frå vedteken arealbruk etter kommuneplanen i området og tilrår at det vert sett i gong arbeid med reguleringsplan for 300 kV kraftline. Plan med føresegner er fremja med heimel i plan og bygningslova si § 30. Melding om oppstart av planarbeidet vert å kunngjera i samsvar med reglane i plan og bygningslova si § 27-1 andre ledd.

 

Vedtak i sak 077/07, har si bakgrunn i sak 148/06, kor utval for plan og miljø/fast utval for plansaker drøfta konsekvensane av lina. Utvalet såg ikkje noko vesentleg som talte mot lina, og tilrådde konsesjon for denne. Vidare vurderte utvalet saka slik at det ikkje ville vera nødvendig med reguleringsplan, og tilrådde dispensasjon frå gjeldande kommuneplan.  Dette vart då lagt til grunn for vidare saksgang, men ikkje sendt alle klageinstansar, m.a fylkesmannen.

 

SKL som tiltakshavar for nettilknytinga fremjar no reguleringsplan for 300 kV linja frå Midtfjellet til Børtveit. Bygging av linja er i strid med vedteken arealbruk i kommuneplanen.  Plan- og bygningslova § 23 slår fast at det skal utarbeidast reguleringsplan for større bygge- og anleggsarbeid.. Føremålet med reguleringsplanen er å leggja til rette for at arbeidet med bygging av linja kan starta så snart det ligg føre endeleg avklaring om evt. oppstart av arbeidet med vindkraftverket.

 

For at prosessen skal bli lik i Fitjar og Stord, kom ein til at det rette ville vera å fremja reguleringsplan for den delen av lina som ligg i Fitjar kommune og. Dette har og si bakgrunn i det som er nemnd vedkomande sak 148/06.

 

SKL har engasjert Akvator AS til å utarbeida framlegget til reguleringsplan. Melding om oppstart av planarbeid vart sendt ut og kunngjort 01.06.07. Det har kome inn 4 merknadar/ uttalar som er omtalt og kommentert i vedlagt planskildring.

 

For omtale av planframlegget og konsekvensar av tiltaket vert det vist til vedlagt planskildring.

 

Vurdering

Nettilknytinga for overføring av krafta frå planlagt Midtfjellet vindkraftverk til sentralnettet har vore gjennom ei grundig konsekvensvurdering og handsaming i samband med konsesjonssøknaden. Det har ikkje vore gjennomført konsekvensutgreiing etter Plan- og bygningslova då tiltaket ikkje utløyser plikt til dette, men i samband med konsesjonssøknaden vart det m.a. gjort ei utgreiing av konsekvensar for miljø, naturressursar og samfunn utarbeidd av Ambio Miljørådgiving AS. Det vart og gjort ei vurdering av alternative løysingar som oppgradering av eksisterande nett på vestsida fram til Litlabø transformatorstasjon og av alternativ med kabel i grøft over fjellet eller langs E 39. Desse utgreiingane og vurderingane ligg og til grunn for arbeidet med reguleringsplanen og den endelege plasseringa av linjetraseen og mastene.

 

Lengda på linjetraseen er om lag 9 km med om lag 3,8 km i Stord kommune og 5,2 km i Fitjar kommune. Planframlegget regulerer ein 38 m brei linjetrase som fareområde i kombinasjon med område for jord- og skogbruk. Det er planlagt 23 master på strekninga med mastebreidd inntil 18 m og høgd inntil 30 – 36 m. 10 av mastene er i Stord kommune og 13 av mastene er i Fitjar kommune.

 

Føresegnene slår fast at området framleis kan nyttast til landbruks- og friluftsføremål innanfor dei avgrensingane som ligg i ”Forskrift om elektriske anlegg, forsyningsanlegg”.

 

Kraftlinja og mastene vil verta godt synlege og vil medføra store landskapsmessige inngrep. Det er difor viktig at linja og mastene vert plassert slik at dei negative konsekvensane vert redusert mest mogeleg. Under planlegging av linja og mastene er det difor lagt vekt på å få til best mogeleg landskapstilpassing og minst mogeleg eksponering for å redusera dei visuelle nær- og fjernverknadane mest mogeleg. I konsesjonen er det sett som vilkår at kraftleidningane i størst mogeleg grad skal utførast med matte faseliner og toppliner  og ein skal unngå totalrydding av skog for å redusera dei negative estetiske verknadane.

 

For å redusera risikoen for fuglekollisjonar viser konsesjonsvilkåra til at aktuelle tiltak skal vurderast i samråd med kommunen og miljøvernavdelinga hos fylkesmannen.

 

Konsesjonsvilkåra slår og fast at eksisterande 66 kV kraftleidning frå Årskog transformatorstasjon til Stord transformatorstasjon på Litlabø skal sanerast innan 12 år etter at Midtfjellet vindkraftverk er sett i drift. Fitjar kommune har bede tiltakshavar å vurdera kortare saneringstid.

 

Rådmannen ser saka slik at det no handlar om å leggja til rette for at det kan byggjast ei 300 KV overføringslinje frå Midtfjellet i Fitjar til Børtveit for tilkopling til eksisterande 300 KV linje mellom Stord og Husnes dersom Midtfjellet vindkraftverk vert bygd og dersom vedtaket om konsesjon for bygging og drifting av omsøkt linje vert oppretthalden. Rådmannen vil på bakgrunn av dette rå til at utval for plan og miljø/fast utval for plansaker vedtek å leggja framlegget til reguleringsplan ut til offentleg ettersyn. Kommunen kan likevel venta med å leggja planframlegget fram for 2. gongs handsaming inntil Olje- og energidepartementet si klagehandsaming på konsesjonsvedtaket er ferdig. 

 

Konklusjon

Rådmannen rår til at framlegget til reguleringsplan med føresegner vert lagt ut til offentleg ettersyn.

 

===============Framlegget skal skrivast mellom  strekane, ==========================

Framlegg til vedtak:

Utval for plan og miljø/fast utval for plansaker vedtek i medhald av § 27-1 pkt.2 i Plan- og bygningslova å leggja framlegg til reguleringsplan med føresegner for 300 kV kraftlinje frå Midtfjellet til kommunegrensa mot Stord slik det er vist på plankart datert 07.09.07 og føresegner datert 13.09.07, ut til offentleg ettersyn.

 

===============Streken vil følgje teksten =====================================

 

 

 

 

 

Atle Tornes

 

Rådmann