Fitjar kommune

 

 

 

MEDLEMAR

VARAMEDLEMAR

Agnar Aarskog, ordførar

Kjell Magnar Helland

Annbjørg Stjern Tvedt, varaordførar

Rune Sandvik

Gisle Levåg

 

Harald Rydland

 

Gro Rydland

Bente Larsen

 

Harald Westerheim

Møteinnkalling

Utval:

Formannskapet

Møtestad:

Kommunestyresalen

Dato:

19.09.2007

Tidspunkt:

15:00 NB! Mrk. tida!

 

Forfall vert å melda på tlf 53 45 85 00 til Møtesekretær  Kristin Meland, som syt for innkalling av vararepresentantar.

Vararepresentantar møter berre etter spesiell innkalling.

 

Sak

Innhald

PS 053/07

Godkjenning av protokoll

PS 054/07

Saker handsama etter sommarfullmakt.

PS 055/07

Referatsaker

PS 056/07

Sal av aksjar i Tide

PS 057/07

FBB – Sprinklaranlegg  med meir.

PS 058/07

Trong for tilføring av nye ressursar på omsorgssektoren hausten 2007, unnateke off. jfr. § 5a i off.loven.  Saka vert utdelt i møtet.

PS 059/07

Sal av eigedom - unnateke off. jfr. § 5.a i off.loven.  Saka vert utdelt i møtet.

PS 060/07

Ymse

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Agnar Aarskog

 

Ordfører

 

 

Kristin Meland

 

Møtesekretær

 

 


 

Fitjar kommune

 

Arkiv:              

Saksmappe:      03/00556-138

Sakshandsamar:          

Dato:                12.09.2007

MØTEBOK

Godkjenning av protokoll  

 

Utval sak

Utval

Møtedato

053/07

Formannskapet

19.09.07

 

 

Samandrag:

Godkjenning av protokoll frå sist møte.

 

 

 

 

 

 

 

===============Framlegget skal skrivast mellom  strekane, ==========================

Framlegg til vedtak:

Formannskapet godkjenner protokoll frå møte 20.06.2007.

 

 

===============Streken vil følgje teksten =====================================

 

 

 

 

 

 

 

Atle Tornes

 

Rådmann

 

 


 

Fitjar kommune

 

Arkiv:              

Saksmappe:      03/00556-139

Sakshandsamar:          

Dato:                12.09.2007

MØTEBOK

Saker handsama etter sommarfullmakt. 

 

Utval sak

Utval

Møtedato

054/07

Formannskapet

19.09.07

 

 

Samandrag:

Følgjande saker er handsama etter sommerfullmakt:

 

DS 001/07     Kjøp av aksjar i SNU AS, vedlagt

DS 002/07     Leige av saugebeite, vedlagt

 

 

 

 

===============Framlegget skal skrivast mellom  strekane, ==========================

Framlegg til vedtak:

Formannskapet tek sakene til vitring.

 

 

===============Streken vil følgje teksten =====================================

 

 

 

 

 

 

 

Atle Tornes

 

Rådmann

 

 

 


 

Fitjar kommune

 

Arkiv:              

Saksmappe:      03/00556-141

Sakshandsamar:          

Dato:                12.09.2007

MØTEBOK

Referatsaker 

 

Utval sak

Utval

Møtedato

055/07

Formannskapet

19.09.07

 

 

Samandrag:

Følgjande vert meldt:

 

RS 016/07     Svar vedk. søknad om godkjenning av revurdert låneopptak for 2007

RS 017/07     Budsjettrapport 1. halvår 2007

RS 018/07     Skatt/offentleg tilskot 2007

RS 019/07     Skriv frå V.Tislevol og E. Sandsmark av 10.07.07, vedk. tilhøva i heimebasert omsorg og på sjukeheimen.

RS 020/07     Skriv frå E. Sandsmark, dat. 10.09.07 vedk. behov for nye stillingar på FBB

RS 021/07     Brev frå Private Barnehagers Landsforbund

RS 022/07     Melding om skatteinngangen pr. 31.08.07

 

Orientering om lønsoppgjer.

 

 

 

 

===============Framlegget skal skrivast mellom  strekane, ==========================

Framlegg til vedtak:

Formannskapet tek referatsakene til vitring.

 

 

===============Streken vil følgje teksten =====================================

 

 

 

 

 

 

 

Atle Tornes

 

Rådmann

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fitjar kommune

 

Arkiv:               255

Saksmappe:      07/00337-2

Sakshandsamar:           Atle Tornes

Dato:                07.09.2007

MØTEBOK

Sal av aksjar i Tide 

 

Utval sak

Utval

Møtedato

056/07

Formannskapet

19.09.07

 

 

 

Saksopplysningar:

Etter at det vart gjennomført splitt av aksjane i Tide på generalforsamling i år, har Fitjar kommune 3430 aksjar.

 

På ekstraordinær teikning i sommar valde me (ordførar og rådmann) ikkje å teikna vår høvese andel.

Dette grunna me i at teikninga gjekk til full marknadspris, at det ville krevja pengar me ”ikkje har”, og den nye strategiske situasjonen i næringa.

Vurdering:

Det er Statens vegvesen som er rutemynde for ferje, og Hordaland fylkeskommune for buss og båtruter.

All offentleg ruteverksemd går no på anbod (Kystbussen er til no eit unntak).

Tide har tapt konsesjonane på Halhjem – Sandvikvåg og frå august neste år bussruter i Fitjar, Stord m.m. Fitjar har ikkje på lang tid hatt snøggbåtstogg.

Såleis har aksjeposten i Tide etter vårt syn ikkje lengre strategisk interesse for oss.

 

Basert på dagens kurs, ca 46, pr aksje , er posten verdt her kr 157.780. Ein børspost er 200 aksjar.

Me kan selja oss ned med til dømes 3.000 aksjar, slik at me har att 430, og dermed meir enn ein børspost. Eller me kan selja alt.

Sal av 3000 aksjar vil gje oss ca kr 138.000,-, sjølvsagt avhengig av børskurs på salsdagen.

Rådmannen vil rå til at me sel 3000 aksjar, og sit att med 430, og at salsprovenyet vert tilført kapitalen.

 

 

===============Framlegget skal skrivast mellom  strekane, ==========================

Framlegg til vedtak:

Rådmann får fullmakt til å selja 3000 aksjar i Tide til børskurs. Saksprovenyet vert tilført kapitalfond.

 

 

===============Streken vil følgje teksten =====================================

 

 

 

Atle Tornes

 

Rådmann

 


 

Fitjar kommune

 

Arkiv:               614 H12

Saksmappe:      05/00363-43

Sakshandsamar:           Atle Tornes

Dato:                12.09.2007

MØTEBOK

FBB – Sprinklaranlegg  med meir. 

 

Utval sak

Utval

Møtedato

057/07

Formannskapet

19.09.07

 

 

Trykte vedlegg i saka:

1.   Tilleggskrav frå Engevik og Tislevoll as dagsett 1 juli 2007.

2.    Kopi av aktuelle sider frå tilbodet.

3.    Konsulentane si vurdering av tilbodet.

4.    Nytt og redusert tilleggskrav frå Engevik og Tislevoll as dagsett 21 august 2007.

5.    Prosjektoversikt frå byggjeleiar Egil Mortensen, oppdatert pr 10 september.

 

Bakgrunn og vurdering:

I totalprosjektet for ombygginga hadde konsulentane for ombygginga indikert ein kostnad på kr 450.000 for eit sprinklaranlegg, og at øvrig prosjektkostnad dermed kunne reduserast med ca kr 150.000, begge tal eks moms. Dei peika likevel på at det truleg var nok å sprinkla det arealet som blir ombygt.

I byggjemøte i april kom det fram at tiltak på gesimsar ikkje var med i talet, slik at alternativet til sprinklar ville vorte dyrare. Desse tiltaka var aldri kalkulert, men kunne vorte dyre.

 

På denne bakgrunn bestemte me oss for å gå vidare med prosjektet, basert på sprinklaranlegg, då dette var rekna som ei betre og tryggare løysing. Dette vart dermed medteke som krav ovafor entreprenørane.

 

August/september 2006 får me inn tilbod på totalanlegget.  Sprinklar er då kalkulert til kr 350.000 pluss 10 % påslag frå hovudentreprenør, sum kr 385.000.

Ved konsulentane sin gjennomgang av anbodsmaterialet i september var ikkje dette forholdet kommentert i det heile teke. Tvert mot skreiv konsulenten mellom anna:

 

Begge firmaene har medlevert tilbudsbrev der de forespurte ytelser er spesifisert, slik at det er mulig for oss allerede på nåværende tidspunkt å kunne si at det synest å vere dekkende for de ytelser som var forutsatt medtatt i prosjektet. Ingen åpenbare regnefeil som vi på det nåværende tidspunkt burde ha innsett.

 

Seinare på hausten var det tingingar med Engevik og Tislevoll AS, som hovudentreprenør og ansvarleg for underleverandørane, og det vert semje om opplegg og pris.

Samstundes leiger me inn ekstern byggjeleiar, Ing Egil Mortensen AS, for å fylgja opp byggjearbeidet på ein profesjonell måte. Etter at han hadde gått gjennom kontraktsmaterialet, vart kontrakten underskriven kring årsskiftet, og arbeidet starta i januar. Fram til sommaren vart det ikkje meldt om større endringar.

 

Eit par dagar før sommarferien 2007 fekk me ein tilleggspris frå entreprenør på kr 953.250 pluss moms, sum kr 1.191.562, for sprinklaranlegget, samanlikna med ovannemnde kostnad som var lagt inn frå før.

 

Når me går inn i saka ser me at sprekken skuldast eit planleggingsgrunnlag på 413 dyser, på bakgrunn av konsulentane si prosjektering. Underlagsmaterialet viser at tilbodet er basert på 60 dyser. Det rare er at dette er handskrive på ein kopi av Email, som seier at talet på dyser bør vera 260 (130 i kvar etasje),( og prisen dermed vesentleg høgare), men med atterhald om at dette ikkje er det endelege talet.  Einkvan har deretter vore inne og redusert talet på dyser, og lagt inn i anbodet. 

Grunna ferie var det då ikkje tid til å gjennomføra noko grundig vurdering av tilhøvet, då ein del sentrale aktørar ikkje var tilgjengelege.

Arbeidet med sprinkling måtte likevel setjast i gang før ferien for å kunna bli ferdig.

 

Straks over ferien hadde me eit møte med entreprenørane (G. Engevik, Hatlevik, og konsulent Sigurd Buchvold)  vår byggjeleiar, brannsjef og underteikna, der ein freista å sjå på moglege måtar å løysa saka på, herunder at ein reduserer området som skal sprinklast med fløyen mot nord (vaktmeister, vaskeri, bårerom, garderobe, og 4-5 eldre rom). Konklusjon frå dei møtande med brannkompetanse er at dette ikkje er tilrådeleg, då alternative løysingar blir like dyre.

Som eit resultat av møtet vart det laga nye planar av entreprenør med deira konsulent. Denne planløysinga reduserer tal dyser frå 413 til 310. Plassering er og endra, noko som har medført at pris pr dyse er litt redusert, og meirprisen er no redusert til kr 624.000 pluss moms, sum kr 780.000. Prosjektering er no medteke med kr 85.000.

 

Sjølv om meirprisen er redusert, er dette er framleis ein vesentleg høgare kostnad enn tidlegare skissert, og dokumenterer mangelfull planlegging frå konsulent med unødvendig dyre løysingar.

 

Såleis er det no berre to spørsmål i saka;  å vedta utvida kostnadsramme, og om ein eventuelt skal krevja pengar tilbake frå konsulentane.

 

Når me då går attende til hausten 2006, og ser på oppfylging av anbodet, ser me at konsulenten på hausten/vinteren  2006/07 prosjekterer sprinklaranlegget med 413 dyser (jf grunnlaget ovanfor), utan at me som byggherre har fått noko melding om avvik mot anbodet. Då er heile den ”nye” delen sprinkla. På dette tidspunkt var det klart at anlegget ikkje kunne byggjast for kr 450.000, langt mindre for kr 385.000 som vist i tilbodet.

Dette burde og vore klart for konsulenten allereide på bakgrunn av det tilbodet som kom inn. Det låg lavare enn utgangspunktet frå april, og tilbodet i seg sjølv indikerte behov for ein høgare tal dyser enn prissett, og i alle fall nok til at ein burde sjekka dette nærare.

 

Hausten 2006 hadde me framleis to alternative vegar å gå:

  1. Me kunne ha gått bort frå sprinkling og tilbake til anna sikring. Me hadde då i teorien spart nær ein million. Dette var avskore når riving av brannvegger starta i februar.
  2. Me kunne ha redusert omfanget av prosjektet, ved å ta ut den administrative delen, trinn 3. Som kjent var dette ”reserven” vår.

 

Når me kjem fram til sommaren 2007 er ikkje noko av dette mogleg.

 

Når det gjeld konsulenten si prosjektering skriv byggjeleiar ING. EGIL M. MORTENSEN,   fylgjande:

 

Mottatt sprinklerteikning plan 1. etasje kan kun nyttast i mindre grad p.g.a.

mange feil tracevalg og feil på plan.

 

Sprinkling av loft kan ikkje gjennomførast slik teikning viser.

Sprinklerdyse er feil plassert ute ved gesims der tilkomst er umulig,

det er og unødig mange sprinklerdyser.

 

Det er no laga nye planer av sprinkleranlegg 1. etasje og loft.

 

 

Det er litt uklart kor vidt det er kome nye reglar i prosjektperioden som har hatt konsekvensar for krava til anlegget, og brannsikring generelt, eller om det berre er tolkingsskilnader. Det er sagt at krava er skjerpa, utan at dette er dokumentert.

 

Det er og eit spørsmål for seg om me ville ha velt ein løysing utan sprinkling dersom me hadde kjent den reelle kostnaden med anlegget. Fleire meinte sprinkling var nødvendig, våre konsulentar meinte det kunne utelatast. Alle var samde om at sprinkling var den beste løysinga for framtida.

 

Sett i etterkant er dette utan tvil den beste løysinga.

 

Som det framgår av kalkylen frå entreprenør er prosjektering no kome med på ny, etter vårt syn nødvendig. Dette medfører ein meirkostnad på kr 85.000, som me meiner konsulentane bør dekka (me vil motrekna deler av summen), viss me ikkje skal betala to gonger for prosjektering.

 

Vidare meiner me at konsulentane bør bidra ytterlegare til dekning av deler av den meirkostnad som mangelfull planlegging/manglande kontroll av innkome anbod, har påført oss, men her er det vel lite å henta.

I same gjennomgang ser me og at det er ei avvikande vurdering mellom våre konsulentar og entreprenøren sine om det eksisterande ventilasjonsanlegget kan levera nok luft til å ivareta forskriftene. Ved å bruka det gamle kan me spara kr 80.000, men dersom me vel feil, blir tilleggskostnaden seinare minst kr 130.000.

Konklusjonen er at dette ikkje er godt nok, og me må skifta, noko som aukar kostnaden med dei nemnde kr 80.000 pluss moms, når me gjer det no.

 

I løpet av prosjekteringa er det ein del mindre ting som kjem til og frå i kalkylane. Noko vert normalt å rekna som utstyr/inventar, der me har ei ramme på ytterlegare 1,0 mill, men noko er rein meirkostnad på byggeprosjektet (tal eks moms):

 

  1. Nedsenka badegolv            30.000
  2. EM – system Kablar           38.500 
  3. Møterom golvbelegg             2.000
  4. Bårerom                            12.900 (to postar)
  5. Pasientheis 3 rom                7.650 (to postar)
  6. Isolering austre fløy            10.130 (to postar)
  7. Fiberkabling                        25.850
  8. TV kabel                              1.940

Sum                                129.060

 

Noko av dette er utstyr, kanskje postane 2, 6 og 7, post 5 vil kanskje gå ut.

 

Avrunda kan me kanskje sei at me får tilleggsrekningar på ca kr 100.000 på byggdelen.

 

Konklusjon:

Me ser av ovanståande at meirkostnadene blir om lag kr 800.000 pluss moms, litt avhengig av kor mykje som er utstyr, og før me reknar eventuell regress frå konsulentane.

Normalt burde det vore ein risikomargin i ei slikt prosjekt  for å ivareta uføresett. Dette var det i kalkylane, men vart ”brukt opp” etter at me fekk inn tilboda. Tilboda var og basert på totalpris for arbeidet, slik at me ikkje trudde det ville koma vesentlege tillegg i etterkant.

 

Så veit me at me for alle tillegg også får moms, som me får refundert over drift, administrasjonsgebtr (inntekt) og byggerenter, som vil auka tala høvesvis med 3 og ca 5 %. Byggjerentene vil sjølvsagt ha ei tilsvarande kostnadsside.

 

 

===============Framlegget skal skrivast mellom  strekane, ==========================

Framlegg til vedtak:

Formannskapet tek til orientering at det blir ein auka kostnad med FBB på ca kr 800.000 pluss moms mm. for FBB.

Tilleggskostnaden vert å finansiera med auka låneopptak.

 

 

Formannskapet ber om at det blir søkt regress hjå konsulentane for den delen som gjeld sprinklaranlegget.

===============Streken vil følgje teksten =====================================

 

 

 

 

 

 

 

Atle Tornes

 

Rådmann

 

 


 

Fitjar kommune

 

Arkiv:               220

Saksmappe:      07/00122-2

Sakshandsamar:           Anne-Berit Hovstad Johansen

Dato:                12.09.2007

MØTEBOK

Trong for tilføring av nye ressursar til omsorgsektoren hausten 2007.  Unnateke off. jfr. § 5.a i off.loven

 

Utval sak

Utval

Møtedato

058/07

Formannskapet

19.09.07

 

 

 

 

 

Saka vert utdelt i møtet.

 

 

 

 

 

 

 

===============Framlegget skal skrivast mellom  strekane, ==========================

Framlegg til vedtak:

 

 

 

===============Streken vil følgje teksten =====================================

 

 

 

 

 

 

 

 

Atle Tornes

 

Rådmann

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fitjar kommune

 

Arkiv:               611

Saksmappe:      04/00030-12

Sakshandsamar:           Atle Tornes

Dato:                13.09.2007

MØTEBOK

Sal av eigedom - unnateke off. jfr. § 5.a i off.loven. 

 

Utval sak

Utval

Møtedato

059/07

Formannskapet

19.09.07

 

 

Samandrag:

Saka vert utdelt i møtet.

 

 

 

 

 

 

===============Framlegget skal skrivast mellom  strekane, ==========================

Framlegg til vedtak:

 

 

 

===============Streken vil følgje teksten =====================================

 

 

 

 

 

Atle Tornes

 

Rådmann

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


 

Fitjar kommune

 

Arkiv:              

Saksmappe:      03/00556-140

Sakshandsamar:          

Dato:                12.09.2007

MØTEBOK

Ymse 

 

Utval sak

Utval

Møtedato

060/07

Formannskapet

19.09.07

 

 

Samandrag:

 

Saksopplysningar:

 

Vurdering:

 

 

===============Framlegget skal skrivast mellom  strekane, ==========================

Framlegg til vedtak:

 

 

 

===============Streken vil følgje teksten =====================================

 

 

 

 

 

Atle Tornes

 

Rådmann