Kundetorget
Kan me hjelpa deg?
- Vil du byggja, verna, planleggja, investera, starta bedrift eller klaga på naboen?
- Treng du barnehageplass, har du lyst til å gå i musikkskulen eller ynskjer du plass i SFO?
- Har du omsorg for eldre og sjuke og ynskjer avlastningsplass?
Fitjar kommune ønskjer å hjelpa deg med dette og mykje meir!
Spør oss! Kan me ikkje svara sjølve, så hjelper me deg på rett lei til nokon som veit betre. Me har óg kart over Fitjarområdet om du treng det, ymse søknadsskjema m.m, og me veit det meste om kommunale avgifter.
Som sagt - spør oss - me hjelper så godt me kan!
Blankettar
Kommunen har lagt ut fleire blankettar du som innbyggjar har bruk for. Sjå under menyen til venstre.
Nærare tankar om den døgnopne kommunen
Fitjar kommune står overfor ei ny og framtidsretta satsing. Gjennom utstrekt bruk av breiband og nytt datautstyr, vil kommunen gjennom auka digitalisering kunne utvikla seg mot ein meir døgnopen kommune. Kommunen sin digitale service gjer at du som innbyggjar via Internett etter kvart skal kunna:
- Ordne alt med det offentlege som kan ordnast digitalt - dvs via Internett og data.
- Få oversikt over og tilgang til relevant informasjon for den einskilde ibuar innan ulike saksfelt.
- Enkelt og raskt få hjelp i konkrete saker som opptek deg personleg.
- Vera trygg og sikker mot misbruk av informasjon og persondata.
Kommunen sitt mål i denne samanheng er mellom anna:
- Auka tilgjenge til informasjon og tenester. Her kan du lesa om tenestene kommunen driv under menyen Tenester.
- Auka effektivitet i service og tenesteproduksjon
- Auka kvalitet på informasjon og tenester
- Auka styring og kontroll av tenesteproduksjon og ressursbruk
- Auka sikkerhet i informasjonssystema
Kommunen vil i første omgang via elektroniske skjema/blankettar gjere det mogeleg for deg som innbyggjar å nå deler av det kommunale tenestetilbodet også etter stengetid av rådhuset.
Kundetorget
Kristin Meland
Funksjon: Leiar kundetorget
Telefon 53 45 85 03
e-post: kristin.meland@fitjar.kommune.no
Anne Kathe Helle
Funksjon: Kontorfullmektig
Telefon 53 45 58 04
e-post: anne-kathe.helle@fitjar.kommune.no
Ingunn Jensen Raunholm
Funksjon: Kontorfullmektig
Telefon 53 45 85 00
e-post: ingunn.raunholm@fitjar.kommune.no
Bente Fitjar
Funksjon: Kontorfullmektig
Telefon 53 45 58 45
e-post: bente.fitjar@fitjar.kommune.no