Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Innkjøp

Sunnhordland interkommunale innkjøpsforum

Sunnhordland interkommunale innkjøpsforum er eit samarbeid på innkjøp mellom kommunane Stord, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad og Tysnes. Stord kommune er vertskommune for ordninga. Den enkelte kommune i samarbeidet har i tillegg oppnemnt ein særskilt innkjøpsansvarleg, som er medlem av det felles innkjøpsforumet.

Innkjøp over nasjonal terskelverdi blir publisert på nettstaden Doffin.

Interkommunal innkjøpssjef:
Marianne Fjeldstad

Kontaktperson i Fitjar kommune:
Sigrid Fossum
Rådgjevar
Telefon 53 45 85 32

E-post: fitjar@fitjar.kommune.no

Krav til leverandørar

  • Kan fakturera elektronisk via EHF
  • Ha tilstrekkeleg økonomisk status ( soliditet, finansieringsevne m.m.)
  • Vera i stand til å møte dei kvalitetskrav som kommunen ønskjer.
  • Disponere dei naudsynte anlegg og utstyr for leveransen.
  • Tilfredsstille dei forskrifter som vert gjeve av offentlege styresmakter, til dømes verne- og brann- forskrifter og forskrifter om helse, miljø og tryggleik, og fylle dei krav som vert stilt til den enkelte leveranse, til dømes kvalitetssikring, miljø- og vernetiltak.
  • Tilfredsstille krav gjevne av offentlege styresmakter, til dømes Brønnøysundregisteret og meirverdiavgiftsregisteret.
  • Vera ajour med innbetaling av skattar og avgifter. Leverandørar med restansar kan avvisast.
  • Ikkje vere inne i pågåande akkord-, gjelds- eller konkursforhandlingar.
  • Vera godkjent som opplæringsbedrift ved krav i konkurransegrunnlag.
  • Ha profesjonell og etisk forretningsførsel.
  • Nytte tilsette med lovlege tilsetjings- og arbeidsvilkår. 
  • Leverandørar til kommunen skal oppfylle krav i ILO-konvensjonen 94 om arbeids- og lønsvilkår.
  • Kunne levere norsk produktdatablad og merke produkta med norsk tekst og etter norske normer.
  • Elles kunne oppfylle dei krav som er stilt i avtalen med kommunen.
  • Desse krava skal gjelde også for underleverandørar.
Kontakt oss