Informasjon
I sentraladministrasjonen finn du fleire kontor - eller såkalla stabsfunksjonar som ivaretek dei overordna fellesfunksjonane i kommunen. Her ligg sekretærfunksjonane for kommunestyre, formannskap, og dei øvrige politiske utval. I sentraladministrasjonen finn du også den tverretatlege kompetanse innan økonomi, budsjett, skatteinnkreving, IKT, personalforvaltning, informasjon og kultur.
For nærare informasjon om personar i kommunen, sjå medarbeidaroversikt under kvar avdeling.
Ta gjerne ein nærare kikk på vårt organisasjonskart.
Sunnhordland Interkommunale Innkjøpsforum Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord og Tysnes
Sunnhordland Interkommunale Innkjøpsforum er eit samarbeidsprosjekt på innkjøp mellom kommunane Stord, Bømlo, Fitjar, Kvinnherad og Tysnes. Stord kommune er vertskommune for ordninga og har tilsett innkjøpssjef i heil stilling. Den enkelte kommune i samarbeidet har i tillegg oppnemnt ein særskilt innkjøpsansvarleg, som er medlem av det felles innkjøpsforumet.
Du vil på innkjøpssidene bl.a. finna:
- Aktuelle kontaktpersonar i kommunane
- Oversikt over innkjøpsavtalane
- Direkte link til aktuell lovverk for offentlege innkjøp
Til Sunnhordland Interkommunale Innkjøpsforum sin nettstad

Turistinformasjon
Kamera
Kamera Sentrum
Kamera Sjøsio
Nyheter
Kontakt kommunen
Fitjar kommune har eit areal på 145 km2 og ca. 3000 innbyggjarar.
Ordførar
Wenche Tislevoll (H)
Rådmann
Atle Tornes
Kommunenr. 1222
Organisasjonsnummer 944073310
Postadresse
Fitjar kommune, Pb. 83, 5418 Fitjar
Fakturaadresse
Fitjar kommune, Pb. 187, 5402 Stord
Telefonnr 53 45 85 00
Telefax nr 53 45 85 01
Teknisk vakt 95229950
Epost
fitjar@fitjar.kommune.no
Internett
www.fitjar.kommune.no