Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Samarbeidsrådet for Sunnhordland

Samarbeidsrådet for Sunnhordland er regionrådet for dei 8 kommunane i Sunnhordland, Austevoll, Bømlo, Etne, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio, Tysnes. I tillegg er kommunane Fusa, Haugesund og Vindafjord observatørar. Ordførarar og rådmenn i kommunane utgjer Samarbeidsrådet for Sunnhordland.

Interkommunalt samarbeid

Sunnhordland interkommunale miljøverk IKS er eigd av kommunane Austevoll, Bømlo, Fitjar,
Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes, og har hovudkontor i Fitjar kommune.

Kommunane på Haugalandet og i Sunnhordland samarbeider om Krisesenter Vest IKS

Stord, Fitjar og Bømlo samarbeider om Sunnhordland interkommunale legevakt IKS

Stord kommune er vertskommune for Sunnhordland interkommunale barnevern

Friluftsrådet Vest er eit interkommunalt organ for kommunene Bokn, Bømlo, Etne, Fitjar, Haugesund, Karmøy, Sauda, Stord, Sveio, Tysvær, Vindafjord og Kvinnherad.

Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS er eit selskap eigd av 32 kommunar i Hordaland.

Driftsassistansen for Hordaland IKS er eit kompetansesenter for vatn- og avløpstenester.

Forum for oppvekst i Sunnhordland (FOS) er ein organisasjon som samarbeider om oppgåver som vert løyste betre på regionalt nivå enn på lokalt nivå.

 Sunnhordland interkommunale innkjøpsordning http://innkjop.stord.kommune.no/default.aspx

Samhandlingsavtaler med Helse Fonna

Etter helse- og omsorgstjenesteloven skal kommunane inngå samhandlingsavtalar med helseføretaket dei soknar til. Fitjar kommune har inngått avtalar med Helse Fonna.

Les samhandlingsavtalane her

Forsking og utvikling

Fitjar kommune samarbeider med 17 andre kommunar, Helse Fonna og Høgskulen Stord/Haugesund om ei FoU-eining innan helse og omsorg.

Les meir på nettstaden til FoU-eining for samhandling

Kontakt oss