Off. ettersyn - Endra areal for oppdrettsanlegg, Storevikholmen
06.05.2013
Sjøtroll Havbruk AS søkjer om løyve til endring av sitt oppdrettsanlegg for laks og aure ved Storevikholmen (lokalitet 11492), frå stålanlegg til plastringanlegg med 4 stykk ringar. Det vert ikkje søkt om ei auking i kapasitet.
Årsaka til søknaden er nye krav til sertifisering av anlegg og fortøyingar.
Anlegget vert søkt i eit område som i kommuneplanen har føremålet akvakultur. Det kjem 40 meter nærare land enn dagens anlegg, og vil liggja ca. 130 m frå land i aust. Fortøyingane ligg i hovudsak i arealføremål for akvakultur, men strekk seg ut i område avsett til trålefelt mot vest.
Søknaden vert med dette lagt ut til offentleg ettersyn.