Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Kontrollutvalet

Kommunestyret vel representantar til kontrollutvalet. Utvalet har 5 medlemmar. Leiar skal vera medlem av kommunestyret. Medlemmane og varamedlemmane kan ikkje vere representerte i andre politiske utval. Utvalet er heimla i kommunelova §77 og forskrift om kontrollutval 

Reglement for kontrollutvalet

Oppgåver:
Kontrollutvalet fører tilsyn med den kommunale forvaltninga på kommunestyret sine vegne.

Kontrollutvalet har som hovudføremål å medverke til ei ålmenn tillit i befolkninga, i høve best mogleg løysing av kommunale oppgåver. Vidare at den kommunale oppgåveløysinga er i samsvar med gjeldande lover og forskrifter. Utvalet skal også sjå til at kommunen har ei forsvarleg revisjonsordning. Sekretariatsfunksjon for kontrollutvalet, kan ikkje leggast til kommuneadministrasjonen, eller til revisjonen.

Fitjar kommune har inngått avtale med Deloitte AS om revisjonstenester. Revisjonstenestene omfattar rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon, selskapskontroll i selskap som kommunen har eigarinteresser i, og andre kontroll- og tilsynsoppgåver i regi av kontrollutvalet.

Fitjar kommune kjøper sekretariatstenester for kontrollutvalet hjå Sekretariat for kontrollutvalet i Hordaland fylkeskommune

Sekretariatstenestene omfattar mellom anna saksførebuing for kontrollutvalet, møteinnkalling og saksoppfølging etter møter. Døme; føring av møteprotokoll og iverksetjing av vedtak. Sekretariatsfunksjonen for kontrollutvalet er direkte underlagt kontrollutvalet. Sekretariatet pliktar å følgja utvalet sine retningslinjer og pålegg. Henvending til sekretariatet for kontrollutvalet i Fitjar kan sendast til kontrollutvalet@hfk.no 

Kontrollutvalet har normalt 5 - 6 ordinære møter i året. Møtedatoar er oppgjeve på kommunen sin møtekalendar. Møta i kontrollutvalet er opne møter. Innkallingar til møte med saker og vedlegg, samt møteprotokollar, er å finna på heimesida under «Innkalling og referat».

Viktige lenker: Kontrollutvalsboka

Medlemar                                                                   
Svein Malvin Marås, FRP - leiar
Gro Rydland, SP - nestleiar
Geirmund Aga, H
Rune Helland, KRF                             

Kontakt oss