Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Reguleringsplanar

Ein reguleringsplan bestemmer korleis eit område skal brukast og kva som kan byggjast. Den vert laga for å følgje opp kommuneplanen sin arealdel med ein meir detaljert plan for arealutnytting. Der det ligg føre ein godkjent reguleringsplan, skal alle byggjetiltak utformast i samsvar med denne. Reguleringsplanar består av eit detaljert plankart, planføresegner og planskildring

Det er to typar reguleringsplanar:

  • Områderegulering (kommunale planar) jf. plan- og bygningslova § 12-2
  • Detaljregulering (private planar) jf. plan- og bygningslova § 12-3

Områderegulering

Områderegulering vert nytta for eit større område der det er krav om slik plan i arealdelen til kommuneplanen, eller der kommunen finn at det er trong for ei områdevis avklaring av arealbruken. Som hovudregel er det kommunen sjølv som skal utarbeida desse planane. Områdeplanen skal  leggje til rette for vidare planlegging, utvikling og bygging, ved å bestemme dei overordna rammene – t.d. når det gjeld vegar, grønstruktur, friluftsområde, plassering av offentlege bygningar (t.d. skule, barnehage), næringsområde, fordeling av bustadområde m.m. Når ein områdeplan er godkjent, må detaljplanane for delområda utarbeidast i tråd med områdeplanen.

Planprogram
I forkant av omfattande reguleringsplanar skal det utarbeidast eit planprogram. Planprogrammet er eit dokument med illustrasjonar som skal gjere greie for kva ein må ta omsyn til i sjølve reguleringsarbeidet. Planprogrammet skal mellom anna gjera greie for formålet med planarbeidet, hovudproblemstillingane knytt til reguleringa, medverknad, framdriftsplan, oversyn over viktige utgreiingar som skal utførast og vurdering av ulike alternativ.

Medverknad

Plan- og bygningslova stillar strenge krav til opne prosessar og til innbyggarane sin rett til å medverka i planarbeid. For å få godkjent ein reguleringsplan må forslagsstillar følgje reglane i plan- og bygningslova kap. 12. Ved oppstart av eit nytt planarbeid skal alle innanfor planområdet varslast. Det skal igjen varslast når ein har klart eit forslag til plan, før sluttbehandling. Til slutt er det kommunestyret som godkjenner reguleringsplanen.

Detaljregulering

Detaljregulering vert brukt for konkrete byggje- og anleggstiltak, og lyt følgje opp arealdelen i kommuneplanen eller eventuell områderegulering. Private tiltakshavarar, organisasjonar og andre mynde har rett til å fremje forslag til detaljregulering. Reguleringsplanar skal utarbeidast av fagkyndige. Prosess og krav er dei same som for ein områdeplan.

 

Meir informasjon

Godkjente reguleringsplanar finn du i planarkivet

 

Kontakt oss