Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Forenkla byggjesaksreglar

Frå 1. juli 2015 gjeld nye byggjesaksreglar. Endringane skal gjere det enklare å sette opp små bygg på eiga eigedom. Samstundes krev endringane at den einskilde i større grad sett seg inn i regelverket og tek omsyn til naboen. Mindre papirarbeid - meir ansvar!

Føresegna om søknadsplikt i plan- og bygningslova og byggesaksforskrifta er forenkla. Det er viktig å vite at sjølv om du ikkje treng å søke om det du skal bygge gjeld framleis reglane om til dømes arealplan, strandsone, tekniske krav til byggverk, avstand til veg, leidningsnett i grunna, naturmangfald og kulturminne. Når du søker om byggeprosjektet ditt er det ein fagkunnig sakshandsamar i kommunen som sjekkar at alt er i orden i høve regelverket. Når du no kan bygge utan å søke er ansvaret ditt.

Det er også viktig å vite at sjølv om plan- og bygningslova er forenkla gjeld grannelova som før. Om garasjen du bygger er «uturvande og urimeleg» for naboen din har du brote grannelova – sjølv om garasjen ikkje er søknadspliktig.

Dersom desse føresetnadane er innfridd, kan du setje opp små bygg på eigedomen din utan å søke:

  • garasje på inn til 50 kvm og 4 meter høg, 1 meter frå nabogrensa
  • tilbygg på inn til 15 kvm, som ikkje inneheld rom for beboelse eller varig opphald, 4 meter frå nabogrensa
  • levegg som er inn til 1,8 meter høg og 10 meter lang, 1 meter frå nabogrensa
  • levegg som er inn til 1,8 meter høg og 5 meter lang, i nabogrensa
  • mur som er inn til 1 meter høg, 1 meter frå nabogrensa
  • fylling/planering, 1 meter frå nabogrensa
  • biloppstillingsplass og intern veg, 1 meter frå nabogrensa

Les meir hjå Direktoratet for byggkvalitet.

Meldeplikt til kommunen

Kommunen er ansvarleg for å halde kart og eigedomsregister (matrikkelen) oppdatert ved at alle nye byggverk vert registrert. Når du søkjer om byggeløyve er det bygningsstyresmakta som melder i frå til matrikkelstyresmakta om byggverket ditt. Når du no kan bygge utan å søkje er det du som har ansvar for å melde i frå.

Meldinga må innehalde opplysningar om kva du har bygd og eit målsett kart som viser plassering og storleik . Meldinga kan sendast via e-post til fitjar@fitjar.kommune.no.

Det ligg føre eit meldingsskjema som utarbeidd hjå direktoratet som kan nyttast. Førebels berre i bokmål utgåve.

Når du melder i frå vert byggverket ført inn i matrikkelen med ein bygningskode S-fritatt frå søknadsplikt. Du får då dokumentert tidspunktet byggverket er ført opp og at du har vurdert tiltaket som unntatt frå søknadsplikt etter lovverket som gjaldt på byggetidspunktet. Kommunen føretek ingen kontroll av lovlegheit i samband med matrikkelføring, og innføring i eigedomsregisteret er såleis ikkje dokumentasjon for at byggverket er i tråd med regelverket.

Sett deg grundig inn i regelverket og snakk med naboen før du går i gang

Her er 10 spørsmål du bør stille deg sjølv:

  1. Eg har sjekka at det eg skal bygge fell innafor unntaksreglane når det gjeld søknadsplikt (type byggverk, areal, høgde, avstand til nabo)?
  2. Eg har sjekka at eigedomen min er regulert til bustad/fritidsbustad?
  3. Eg har sjekka at eigedomen min har riktig arealformål i reguleringsplanen?
  4. Eg har plassert det eg skal bygge minst 100 meter frå sjøen eller 50 meter frå vassdrag (eller innafor annan byggegrense etter reguleringsplanen)?
  5. Eg har plassert det eg skal bygge minst 15 meter frå kommunal veg og minst 50 meter frå fylkesveg (eller innafor annan byggegrense etter reguleringsplanen)?
  6. Eg har plassert det eg skal bygge innafor andre byggegrenser på eigedomen min?
  7. Eg har rekna ut arealet for alle bygg og overbygde uteareal, pluss parkering (2x18 kvm), og har sjekka at det totale arealet er innafor lovleg utnyttingsgrad for eigedomen?
  8. Eg har vurdert om det eg skal bygge har «god arkitektonisk utforming" både i seg sjølv, og i forhold til andre bygg og landskapet?
  9. Eg veit kva tekniske krav som gjeld for det eg skal bygge (til dømes brannkrav)?
  10. Eg har informert naboen om prosjektet mitt?

Svarar du nei på nokre av dei 10 spørsmåla bør du ta ein runde til før du finn fram hammar og spikar.

Fitjar kommune ynskjer at byggeprosjektet ditt skal vere enkelt og resultatet bra - både for deg, for naboen din og for ålmenta. Me ynskjer å bruke tida vår på å rettleie, framfor å følje opp saker om ulovleg bygging. Me er klar for å hjelpe – ta kontakt med oss!

Kontakt oss