Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Kommuneplanen for Fitjar

Kommuneplanen er styrande for all planlegging i Fitjar kommune. Førmålet med planen er å skape føreseieleg og langsiktig politikk og arealbruk for kommunen sine innbyggjarar. Planen seiar noko om kva oppgåver og problem vi bør konsentrere oss om, og hjelper politikarane med å setje enkeltsaker inn i ein heilskap. 

Kvart fjerde år bør det gjennomførast ei rullering av kommuneplanen, det vil seie at kommunen vurderer planen og nødvendige endringar for framtida. Kommuneplanen består av ein samfunnsdel og ein arealdel, og dei to delane har ulike funksjonar.

Samfunnsdelen skal ta stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar for kommunesamfunnet som heilskap og for kommunen som organisasjon. Samfunnsdelen skal vere grunnlag for sektorane sine planar og virke i kommunen, og gje retningslinjer for gjennomføring av kommunen sine mål og strategar.

Kommunedelplanar for ulike tema skal ha ein handlingsdel som skildrar korleis planen skal følgjast opp dei fire påfølgjande år eller meir. Handlingsdelen skal reviderast årleg.

Arealdelen skal vise samanhengen mellom framtidig samfunnsutvikling og arealbruk, vise hovudtrekka i arealdisponeringa, og leggje rammer og vilkår for kva nye tiltak og ny arealbruk som kan setjast i verk. Den viser mellom anna kvar kommunen vil tillata bustadutbygging og næringsliv, landbruk, og kva omsynssonar som kommunen har. Dette kan til dømes gjelde friluftsliv eller naturmangfald.

Arealdelen omfattar plankart, føresegner og planskildring, og det går fram av planen korleis nasjonale mål og retningslinjer er ivaretatt. Føresegnene til arealdelen viser kva reglar som gjeld dersom ein vil utvikla områder i planen.  Arealdelen med plankart og føresegner er juridisk bindande.

Kommuneplan for Fitjar

Fitjar kommunestyre stadfesta kommuneplan for Fitjar, Arealdelen 2011 - 2022, i møte 20.06.2012 sak PS 35/12.  Vedtaket er gjort med heimel i plan- og bygningslova § 11-15. 

- Stadfestingsvedtak 
- Føresegner 
- Kart 

Kontakt oss