Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Byggjesak

Handsaming av byggje- og delingssaker skjer etter reglane i plan- og bygningslova. For alle tiltak over ein viss storleik må det sendast inn melding eller byggjesøknad, og kommunen må gje løyve før søknadspliktige tiltaket kan starte. Tilknyting til offentleg veg, vatn og avlaup, alternativt  løyve til utslepp, må og godkjennast eller avklarast. Endra bruk av bygning eller eigedom må det også søkjast om løyve til.

Private kan bestille kartpakke (situasjonskart og naboliste m.m.) til byggjetiltak hjå Fitjar kommune.

Nye føresegner i plan- og bygningslova gjeld frå 1. juli 2015. Endringane gjer det enklare å sette opp små bygg på eiga eigedom. Samstundes krev endringane at den einskilde i større grad sett seg inn i regelverket og tek omsyn til naboen. Mindre papirarbeid - meir ansvar!

Les meir om nye byggjesaksreglar her

Statens vegvesen minner om byggeforbod i 50-metersbeltet mot fylkesveg

Statens vegvesen har i samband med endringene i plan- og bygningslova 1. juli i år, utarbeidd ein rettleiar om reglane i veglova. Statens vegvesen vil presisere at det må søkjast om løyve etter veglova, sjølv om det ikkje må søkjast om løyve til tiltak etter plan- og bygningslova.

Les meir om byggjeforbod i 50-metersbeltet.

Endring i byggjesaksreglar frå 1. januar 2016

Frå 1. januar er lokal godkjenning oppheva. Samtidig er sentral godkjenning styrka med nye seriøsitetskrav. Nye energikrav og forenklingar ved tiltak i eksisterande bygg er også blant endringane som trer i kraft frå nyttår. Endringane gjeld både byggesaksforskrifta (SAK) og byggteknisk forskrift (TEK).

Kommunane skal ikkje lenger godkjenne føretak for ansvarsrett i byggesaka. I staden skal kommunen registrere erklæringar om ansvarsrett som skal sendast til ansvarleg søkjar før byggearbeida startar. Meir informasjon om endringa finn du her

Det blir enklare å ta i bruk loft, bod og kjellar som opphaldsrom. Dei nye reglane gjeld bustader som er frå før 01.07.2011. Meir informasjon finn du her.

Ytterlegare informasjon om alle endringane finn du her.

Havne- og farvasslova

Søknadsskjema om byggjesaker i sjø finn du her.

Kontakt oss