Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Om Fitjar

Fitjar er ein framtidsretta kommune med spanande moglegheiter. Kommunen har 3 158 innbyggjarar og ei positiv folketalsutvikling. Gode buforhold, eit levande lokalsamfunn og eit næringsliv i utvikling er viktige grunnsteinar i kommunen vår.

Fitjarfestivalen 2015 frå Ariel Film i Vimeo.

Fitjar er ein øykommune som ligg vakkert til på nordsida av øya Stord i Sunnhordland. Her finn du framleis urørt kystlandskap, ein unik skjergard med idylliske vikar og omlag 380 øyar, holmar og skjer.

Les e-brosjyre om Fitjar kommune

Historia til kommunen er spanande og skriv seg heilt tilbake til vikingtida. Det har budd folk på Fitjar sidan bronsealderen - det vil seie at omlag 3 000 år har forma folket her. Mange kulturminne rundt om i kommunen stadfestar denne historia. Håkon den gode som var Noregs konge frå ca. år 933, fall i slaget i Fitjar i år 961.

Fitjar kommune ligg midt i Sunnhordland - les meir om regionen her.

Kontakt oss