Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Skulekontoret i Fitjar

Skulekontoret

Skulekontoret har følgjande oppgåver:

* Å driva ein kvalitativ god skule og barnehage i tråd med lover og regelverk.

* Stimulera til pedagogisk utviklingsarbeid innafor skule og barnehage.

* Tilby psykologisk-pedagogisk teneste til einskildelevar og systemretta rettleiiing.

* Samordna verksemda innafor sektoren.

* Ansvar for budsjett og økonomi innafor sektoren.

* Planarbeid.

* Ansvar for skulefritidstilboda.

* Tilby logopedisk hjelp.

* Syta for tverrfagleg og tverretatleg samarbeid.

* Personalarbeid og kompetanseutvikling innafor sektoren.

* Vidareutvikle kulturskulen.

Dei tilsette ved skulekontoret er:

Skulesjef John Karsten Raunholm Tlf.: 53458525 mobil: 97501370 e-post jora@fitjar.kommune.no

Skule- og barnehagerådgjevar Mone Nilsen Tlf.: 53458557 e-post moni@fitjar.kommune.no  (byrjar 23.08.16)

Kulturskulerektor Håvard Kroka Tlf.: 53458553 e-post hakr@fitjar.kommune.no

Permisjon frå undervisning

Fitjar kommune har forståing for at foreldre kan ha ynskje om, å søkja permisjon for sine born fra pliktig opplæring i grunnskulen. Dette kan vera forskyve ferie, opphald i utlandet etc.

Kommunen tilrår foreldra å utvisa måtehald når det gjeld å ta born ut av skulen. Skulens planar inneheld omfattande lærestoff. Vi har tru på at foreldra tek opplæringsansvaret alvorlig, men erfaringsmessig vil sjølv korte fråvær kunna gje eleven meirarbeid i etterkant.

I Opplæringslova står:
§2-11  Permisjon frå pliktige opplæringa. Når det er forsvarleg, kan kommunen etter søknad gi den enkelte eleven permisjon i inntil to veker. Elevar som hører til et trussamfunn utanfor Den norske kyrkja, har etter søknad rett til å vere borte frå skulen dei dagane trussamfunnet deira har helgedag. Det er eit vilkår for retten at foreldre sørgjer for nødvendig undervisning i permisjonstida, slik at eleven kan følgje med i den allmenne undervisninga etter at permisjontida er ute.

Hovedtanken i Opplæringslova
Etter lova har barn og unge i Norge "plikt til grunnskoleopplæring og rett til ein offentleg grunnskoleopplæring". Ved permisjonar og fråvere som "eleven eller foreldra sjølv er skyld i", fråskriv eleven (eller foreldra på elevens vegne) seg retten til offentlig grunnskoleopplæring for en periode tilsvarende lengda av fråværet. Foreldra tek over ansvaret for elevens opplæring i perioden.

Elevens opplæringsplikt gjeld imidlertid uavkortet. Det er kommunens ansvar å vurdere om og føre tilsyn med at plikta vert oppfylt.

Fråvære fra einskildtimar/enkeltdager - (skulefri):
Skulefri kan bli gjeve for enkelttimer eller inntil tre dagar (kontaktlærer/rektor). Skulen må godkjenna formålet for fritaket. Eks.: Deltaking i familiearrangement, fritidsaktiviteter o.l..

Fråvære inntil to veker- (permisjon):
Permisjon kan bli gjeve for to veker(10 undervisningsdager) pr. år. Rektor avgjer søknade om permisjon.

Elevene har ikkje en lovfesta rett til permisjon. Lova seier at rektor skal vurdera om det forsvarlig å la eleven vera borte fra skulen.
Dersom ein søkjer permisjon utover to veker, skal eleven skrivast ut av skulen.

Avslag på søknad om skulefri kan ankes til næraste overordna nivå (rektor -skulesjef ,Utval for oppvekst og omsorg).

Søknadsfrist 14 dager før permisjonen tek til.
Skjema finn du her:

Reglar og satsar for utleige av skulebygg

Frå 01.08.2009 er satsane for utleige av skulebygg justerte.  Dette er gjort etter vedtak i Fitjar formannskap 28.05.09.
Framleis er det gode ordningar for leige av skulebygg.  Du finn reglement og satsar ved å klikka deg inn her.

Kvalitettsikringssystem for grunnskulen i Fitar

Kvalitetssikringssystem for grunnskulen i Fitjar

Denne sida er under utvikling.

Innhald:

HMS

Skuleutvikling

Utviklingssamtale

Årsmelding

Resultatvurdering

Skulebesøk

 

Kontakt oss