Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Skatteutvalet

Skatteutvalet består av 3 medlemmer som er valde av kommunestyret. Utvalet har innanfor visse rammer høve til å ettergje/nedsetja skatt.

Her finn du informasjon om vilkåra for å få ettergjeve/nedsett skattekrav, og korleis du går fram for å søka. I regelverket er dette omtalt som "lemping av billighet". Omgrepet "lemping av billighet" kan med andre ord forklarast som ettergjeving på grunn av rimelegheitsbetraktningar.

Skatt skal betalast
Skattar og avgifter skal som den klare hovudregel betalast. Utlikna skatt kan likevel i heilt spesielle tilfelle ettergjevast eller setjast ned på grunn av billighetsårsaker. Vilkåra for dette finst i skattebetalingslova § 41.

Vilkår for ettergjeving/nedsetjing
Skattebetalingslova § 41 set strenge kriterier for kven som skal få ettergjeve eller nedsett restskatt: "..når det elles på grunn av dødsfall, særleg alvorleg eller langvarig sjukdom, varig invaliditet eller andre årsaker verkar særleg ubillig eller uforholdsmessig trykkande å fastholda heile skatten, kan den setjast ned eller ettergis".

To hovudvilkår
For det første må din økonomiske situasjon ha forverra seg i det siste, slik at skattekravet er urimeleg trykkande eller på andre måtar særleg uhøvande.


For det andre må denne situasjonen være forårsaka av:

  1. Dødsfall
  2. Særleg alvorleg eller langvarig sjukdom
  3. Varig invaliditet
  4. Andre årsaker utanfor din kontroll


I tillegg vil det verta gjort ei samla vurdering. Sjølv om du innfrir desse vilkåra, har du ikkje eit ubetinga krav på å få ettergjeve restskatt. Vurderingane vert føretekne ut i frå om ettergjeving vil kunna svekka den allmenne betalingsviljen.



Kva skal søknaden innehalda?
Søknad om ettergjeving/reduksjon sendast på vanleg brevark, eller ein kan få eige skjema ved å venda seg til kommunekassen. I søknaden må det legjast ved dokumentasjon som viser dagens inntekter- og utgiftssituasjon. Ektepar og sambuande må oppgje familiens totale inntekt. Dersom sjukdom eller invaliditet er ei av årsakene for å søkja, må legeerklæring framleggjast. Skriv gjerne i tillegg ei eiga utgreiing om kvifor du søker ettergjeving.

Saksgangen
Du vil innan få veker få tilsendt ein stadfesting på at me har motteke søknaden. Dersom søknaden manglar nødvendig dokumentasjon, eller at den openberrt ikkje bygger på billighetsgrunnar, vil du få ein frist på to veker på å framskaffa dokumentasjon eller utdjupa grunnlaget. Søknaden som gjeld beløp inntil kr. 200.000 vert endeleg behandla av skatteutvalet, som er eit folkevalt organ. Søknad som gjeld større beløp, vert oversendt Hordaland skattefutkontor/Skattedirektoratet for endeleg avgjerdsle.

Kontaktinformasjon finn du her

Behandlingstid
Skatteutvalet har møte 4-5 gonger i året, alt etter innkomne søknader.

Innfordring under søknadsbehandling
Innfordring av skattekrava vil som hovudregel ikkje bli påverka av at søknad vert innsendt. Kravet kan bli tvangsinnforda sjølv om søknad er under behandling.

Nedsetjing av pensjonspoeng
Dersom din søknad om ettergjeving av restskatt vert heilt eller delvis innvilga, kan det medføra at pensjonsgjevande inntekt blir nedsett. Med andre ord fører dette til en reduksjon av pensjonspoenga, jfr. folketrygdloven § 3-15, femte ledd.

Dersom det kjem fram nye og vesentlege opplysningar i saka, kan ho takast opp til ny vurdering. Det er elles ingen klageadgang.

Hjelp til utfylling av søknaden
Ta kontakt dersom du tykkjer det er vanskeleg å forstå vilkåra for ettergjeving, eller har problemer med utfylling av søknaden. Me hjelper deg så langt det er mogeleg.

Kontakt oss