Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Skattetrekk

Me ser her på nokre reglar om forskotstrekk og påleggstrekk.

For ideelle organisasjonar og private arbeidsgjevarar er det gjort visse unntak i høve til oppgjersreglane. Ein snakkar då om ordningane utsatt oppgjer og forenkla oppgjer.

Trekkplikt
I følgje Skattebetalingslova § 4, pliktar arbeidsgjevar av eige tiltak å føreta forskotstrekk i løn og anna godtgjersle for arbeid eller oppdrag. Dette gjeld ikkje dersom arbeidet eller oppdraget er utført som ledd i sjølvstendig næringsverksemd.

Trekkplikta omfattar alle ytingar der det etter gjeldande avgjerdsler skal føretakast forskotstrekk. Det gjeld også godtgjersle i heilt kortvarige arbeidsforhold. Det er ikkje noko krav om at det skal føreliggja eit tilsetjingsforhold.

I tillegg pliktar arbeidsgjevar etter pålegg frå skatteoppkrevjaren (kemner/kommunekasse) å føreta påleggstrekk i samsvar med dei avgjerdsler som er gjevne i trekkpålegget, jf. skattebetalingslova § 33 og forskrift av 21. august 1981 om påleggstrekk.

Trekkplikt føreligg også i skattepliktig utbytte etter skattelova § 2-3, 1. ledd bokstav c (kildeskatt) og § 10-13. Beløpa som vert trekte tilhøyrer skatte- og avgiftskreditorane, og skal setjast inn på særskilde bank- eller postgirokonto.

Arbeidsgjevar er økonomisk og strafferettsleg ansvarleg for at trekk vert føreteke og oppgjer gjeve, jfr. ansvars- og straffeavgjersle i skattebetalingslova kapittel X.

Trekkgrunnlag
Hovudregelen etter skattebetalingslova § 5, er at trekkgrunnlaget omfattar eikvar godtgjersle for arbeid eller oppdrag når arbeidet eller oppdraget ikkje er utført som ledd i sjølvstendig næringsverksemd.

NB! Dekking av private utgifter skal handsamast som løn, og vil alltid vera trekkpliktige.

Unnatak
Av godtgjersle som ikkje inngår i trekkgrunnlaget (trekkfritak), kan nemnast:

-vanlege feriepengar som utbetalast i ferieåret (året etter oppteningsåret)
-del av lønn før jul, pensjon i desember månad, mm.
-visse ytingar som er unnatekne frå lønsmelding på grunn av beløpsmessige avrekningar mm., jf. § 18 i forskrift av 14. september 1956 nr 9866 om gjennomføring av forskotstrekk
-visse pensjonar, stønader og andre ytingar etter forskrift av 7. januar 1977 nr. 9861 om omfanget av plikta til å gjennomføra forskotstrekk
-sluttvederlag etter overeinskomst mellom hovudorganisasjonar for arbeidstakarar og arbeidsgjevarar som vert utbetalt arbeidstakarar ved oppseiing. Det same gjeld avtalefesta tilleggssluttvederlag som ikkje overstig 50% av vanleg sluttvederlag
-etterløn og etterpensjon som arbeidsgjevar eller pensjonsinnretning utbetaler ved arbeidstakars eller pensjonist's død, inntil 1½ gonger grunnbeløpet i folketrygda.

Frådrag
I følgje forskrift 14.09.1956 nr. 9866 § 9 skal arbeidsgjevar ved utrekning av forskotstrekk gjera frådrag i brutto pengeløn for:

Pensjonsinnskot som arbeidsgjevar avkortar i løn, og som den skattepliktige vil ha krav på frådrag for, ved likninga etter skattelova § 6-47 bokstav a og b.

Underhaldsbidrag som arbeidsgjevar trekker i lønn etter pålegg frå bidragsfogden.

Fagforeiningskontingent som vert omfatta av Skattedirektoratets forskrift av 27. mai 1977 nr. 9984, om frådrag for fagforeiningskontingent ved utrekning av forskotstrekk og ved likninga (maks. kr 900,- per år)

Sjømannsfrådrag for sjøfolk busett i Noreg, på 29 % - maks. kr 3.700 per månad, jfr. skattelova § 6-61

Trekkberekning
Forskotstrekk vert gjennomført ved at arbeidsgjevar reknar ut trekkbeløpet og held dette tilbake i oppgjeret med arbeidstakaren. Trekket skal foretakast så snart det er råd å få godtgjersla utbetalt, sjølv om oppgjeret for denne først finn stad på eit seinare tidspunkt.

Arbeidsgjevar har også plikt til å syta for at det blir gjennomført forskotstrekk i tilfelle der arbeidstakar sjølv innkrev si godtgjersle. Arbeidstakar pliktar då å innbetala forskotstrekket til arbeidsgjevaren, jfr. skattebetalingslova § 10 nr. 1.

Forskotstrekket skal foretakast på grunnlag av skattekort frå likningskontoret. Har arbeidstakar ikkje lagt fram skattekort, skal arbeidsgjevar foreta forskotstrekk med 50%. Forskotstrekk i pensjons- og andre trygdeytingar skal ikkje foretakast med meir enn 30 %, jfr. skattebetalingslova § 11 nr. 1.


Ytterlegare informasjon om skattekort kan du få ved å kontakta:
Sunnhordland likningskontor
Osen 2
5402 STORD
Telefon 53 40 31 55
Telefax 53 40 31 54


Når det er heilt klart at ein arbeidstakar ikkje vil få så stor inntekt at han får inntektsskatt eller trygdeavgift ved likninga, kan han fritakast for forskotstrekk. I slike tilfelle vert det skrive ut frikort, eventuelt frikort med beløpsgense (kontakt likningskontoret om dette).

Når ein arbeidstakar sitt forskotstrekk i løpet av ein oppgjersperiode (termin) utgjer mindre enn kr 200, eller dei trekkpliktige ytingane som vert mottekne ikkje er større enn kr 1 000, kan arbeidsgjevar unnlata å føreta forskotstrekk. Det er nok at ei av beløpsgrensene er oppfylte.

Skattefrie selskap, foreiningar og institusjonar kan la vera å gjennomføra forskotstrekk når samla lønnsutbetaling til ein person i løpet av inntektsåret ikkje er større enn kr 2 000.

Påleggstrekk
Når pålegg om skattetrekk er gjeve, er arbeidsgjevaren forplikta til - i samsvar med dei forskrifter som er gjevne i pålegget - å trekka skattebeløpet og senda det til skatteoppkrevjaren, jf. Skattebetalingslova § 33 nr. 3.

For påleggstrekk er det ikkje trekkfritak i feriepengar eller halvt trekkfritak før jul, jfr. § 14 i forskrift av 21. august 1981 om påleggstrekk.

Skattetrekkonto
Forskotstrekk og påleggstrekk skal setjast inn på eigen bankkonto (skattetrekkonto). Innskot på skattetrekkonto skal skje seinast første virkedag etter lønsutbetaling, jfr. skattebetalingslova §11 nr. 4 og § 6 i forskrift av 22. desember 1998 nr. 1263 om arbeidsgjevars rekneskapsføring og oppgjer for skattetrekk mm.
Alternativt kan arbeidsgjevar stilla tryggleik for det løpande trekkansvar:

-Bankgaranti for trekkansvar
-Skattetrekkonto vert til eikvar tid halden på eit nivå som dekkjer løpande trekkansvar.

Private arbeidsgjevarar som nyttar den forenkla lønsblanketten "Oppgjørsblankett for private arbeidsgjevarar" (RF-1049), skal betala skattetrekk første virkedag etter lønsutbetaling.

Dei trukne beløp tilhøyrer skatte- og avgiftskreditorane. Brot på oppbevaringsbestemmelsane er straffbart etter skattebetalingslova § 52.

Ikkje midlar til både netto lønn og skattetrekk?
Dersom arbeidsgjevar ikkje har tilstrekkeleg midlar til brutto løn til den tilsette (netto løn og skattetrekk), skal arbeidsgjevar redusera bruttoløna, slik at det er midlar nok til både netto løn og skattetrekk. Det medfører at arbeidstakaren får mindre løn i avløningsperioden, men også at han får godskrive rett skattetrekk.

Dersom arbeidsgjevaren utbetalar nettoløna heilt ut, uten å syta for at det vert føreteke trekk, kan han straffast med bøter eller fengsel inntil 6 måneder, jmfr. skattebetalingslova § 51.

Kontakt oss