Hopp til innhold Hopp til søk

Turistinformasjon

Kamera

Hjelp oss og bli betre

Pengar tilgode etter skatteoppgjeret

Har du pengar til gode etter skatteoppgjeret, vil du normalt få disse tilsendt innan 1 veke etter at likninga er utlagt.

Rentegodtgjersle for dei som får tilbake skatt i juni
Rentegodtgjersle av for mykje innbetalt skatt reknast ut etter følgjande satsar:

-Forskotstrekk og utskriven forskotsskatt betalt innan 31. des. i inntektsåret: 2,5%
-Utskriven forskotsskatt innbetalt seinast 30. april i avrekningsåret: 0,5%.
-Tilleggsforskot innbetalt seinast 30. april i avrekningsåret: 0,5% av det som er betalt for mykje.

Rentegodtgjersle for dei som får tilbake skatt for haustutlegget
Rentegodtgjersle av for mykje innbetalt skatt reknast ut etter følgjande satsar:
-Forskotstrekk og utskriven forskotsskatt betalt innan 31. des. i inntektsåret: 5%.
-Utskriven forskotsskatt innbetalt seinast 30. april i avrekningsåret: 1,2%.

Ventar du tilgodebeløp og meiner utbetalinga tek lang tid?
-Sjekk om beløpet er kome inn på konto
-Har du skifta kontonummer?
-Har du flytta og gløymt å melda adresseendring til folkeregisteret? Skatteoppgjeret, utbetalingskort, kan ha kome i retur som følgje av feil adresse eller kontonummer.
-Dersom du skuldar skatt for andre år, skatt til andre kommunar, har ubetalt bidragsgjeld, meirverdiavgift eller har annan restanse til stat eller kommune, blir pengane dine haldne tilbake for oppdekking, før eventuelt restbeløp vert utbetalt.

Har du mistanke om noko av det ovanståande, og ynskjer å få avklart forholdet, kontakt økonomiavdelinga.

Kontakt oss